Dagens melding i Bergens Tidende om at fleirtalet for ja til Hardangerbrua er sikra når saka kjem opp i Stortinget etter haustens val, er positiv og gledeleg, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
– Eg merkar meg at sentrale rikspolitikarar no ser at brua ikkje berre er ein nyttig lekk i aust-vest-sambandet, men er eit prosjekt som vil ha viktige lokale og regionale verknader, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg. – Hardangerbrua vil få mykje å seia både samferdselsmessig og for næringsutviklinga i dei indre delane av Hordaland.
Langvarig engasjement
– Tida er komen for at det langvarige og store engasjementet for Hardangerbrua, både i kommunane som soknar til brua, i næringslivet og i heile fylket elles, fører til klarsignal for prosjektet i Stortinget. Det er vilje og evne og sterk motivasjon til å gjennomføra prosjektet lokalt og regionalt og finansieringa for brua er på plass, understrekar fylkesordføraren.
Drahjelp
– I det vidare arbeidet fram til endeleg vedtak, noterer eg med glede at Hardangerbrua kan rekna med drahjelp frå Vestlandets storavis, Bergens Tidende, som på leiarplass i dag (27.7.2005) seier ja til brua, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.