Utdanningsdirektoratet har godkjent at John Bauer Bergen AS får etablere seg med 120 elevplassar i Bergen. Skulen søkte om å få starte med heile 525 elevplassar.
- Det er bra at direktoratet tek omsyn til fylkeskommunen i høve til storleik på skulen. Vi skal sikre gode og allsidige vidaregåande skular i Hordaland og ha eit godt samarbeid med dei frittståande skulane, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Pressemelding frå Utdanningsdirektoratet om godkjenning av John Bauer Bergen AS og sju andre private vidaregåande skular