Fylkestingsrepresentant Jan Koløy, Frp, er gått bort, 65 år gammal. Koløy var ein samarbeidets mann og evna alltid å sjå dei praktiske løysingane i sakene, på tvers av politiske skiljeliner og til beste for innbyggjarane i Hordaland, skriv fylkesordførar
Jan Koløy til minne Det er med stor sorg vi har motteke bodskapen om at Jan Koløy er død, 65 år gammal. Vår medkjensle og omtanke går til kone, barn og barnebarn som han var så glad i og sette så uendeleg høgt. |  |
Jan Koløy representerte Framstegspartiet i Hordaland fylkesting frå 1995. Den første perioden arbeidde han med kultur og helsepolitikk. Dei siste seks åra har han vore representant i fylkesutvalet. Han har vore ein utruleg god talsmann for Sunnhordland og Kvinnherad, og han har passa på at aktuelle saker har kome på dagsorden.
Jan Koløy var ein samarbeidets mann. Sjølv om han hadde si politiske foranking i Framstegspartiet, evna han alltid å sjå dei praktiske løysingane i sakene, på tvers av politiske skiljeliner og til beste for innbyggjarane i Hordaland. Han var ein snill mann, omtenksam og raus med oss medpolitikarar. Vi er han stor takk skuldig fordi han alltid hadde eit trøystande eller oppmuntrande ord når det var naudsynt.
Arbeidsdagen til Jan Koløy vart diverre altfor kort. Vi som har arbeidd saman med han i fylkestinget er takksame for godt samarbeid og venskap gjennom mange år, og vi kjenner på saknet.
Vi lyser fred over Jan Koløy sitt minne.
Torill Selsvold Nyborg
fylkesordførar