67,5 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak i Hordaland

Regjeringa har godkjent handlingsplanen for næringsretta utviklingstiltak i Hordaland i 2005 i samsvar med tilrådinga frå fylkesutvalet. I alt 67,5 millionar kroner skal nyttast til tiltak innan samferdsel, reiseliv, marin sektor, olje og gass, bedriftsut

Midlane er kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift i 14 kommunar, og skal nyttast til tiltak i dei same områda:  Jondal, Odda, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik, Granvin, Kvam, Bømlo, Etne, Tysnes, Kvinnherad, Masfjorden, Fedje og Modalen.

Planane for korleis pengane skal nyttast er utarbeidd i samarbeid mellom næringslivet, kommunane og fylkeskommunen, og vart vedtatt av fylkesutvalet 28. april.

Den tyngste bransjesatsinga i Hordaland er retta mot reiselivsnæringa med i alt 11,5 mill. kroner, som særleg skal nyttast til profilering av Hordaland som reisemål, kompetanseheving, produktutvikling.

Til satsingar innan marin sektor er det sett av 6 mill. kroner til arbeid med nye oppdrettsartar, tiltak for å stimulere til nyskaping, kompetanseheving og tilrettelegging. 

Til satsingar innan olje og gass er det sett av 6 mill. kroner til  utvikling av gassdistribusjon i Hordaland, gassrelatert næringsutvikling og styrking av Hordaland olje og gass.

4 mill. kroner skal nyttast til bedriftsretta utviklingstiltak i regi av Innovasjon Norge.

Vidare er det sett av midlar til regionale satsingar innan samferdsel og kompetanseheving med slik fordeling:
- Sunnhordland 20,8 mill. kroner
- Hardanger 17,2 mill. kroner
- Nordhordland 2 mill. kroner.

Hovuddelen av midlane til Sunnhordland og Hardanger går til finansiering av Jondalstunnelen og Hardangerbrua.

For 2004 fekk Hordaland tildelt 47,7 mill. kroner som kompenasjon for auka arbeidsgjevaravgift. Ordninga skal vare i 4 år.

Men samtidig blir det no arbeidd for å få gjeninnført ordninga med lavare arbeidsgjevaravgift i distriktsområde. Det er usikkert om Hordaland vil kome inn under ordninga sidan EU sine reglar no sorterer etter regionar og ikkje etter kommunar. Samla sett vil ikkje Hordaland oppfylle EU sine krav for å kunne nytte lavare arbeidsgjevaravgift som distriktspolitisk verkemiddel.

12.07.2005 11:37
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart