Mindretalet (Høgre og Fremskrittspartiet) gjekk inn for at skulen får godkjenning. Fleirtalet var samansett av Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raud Valallianse.
Eit framlegg frå Laila Reiertsen (FrP) om at ”ein henstiller til at dei private skulane vil prioritere å opprette yrkesfag i framtida” vart tilrådd med sju mot seks røyster. Bak fleirtalet står H, Frp og KrF.
A, Sp, SV og RV røysta imot.
Den svenske John Bauer-gruppa er den største private kjeda innan vidaregåande opplæring i Norden. Dei har søkt om å få opprette skule i Bergen for 175 elevar neste skuleår, med vekst til 350 elevar skuleåret 2006-2007 og 525 elevar skuleåret 2007-2008.
Skulen ønskjer å gje tilbod innan allmennfag, drama, internasjonal linje og media og kommunikasjon.
Av saksutgreiinga til fylkesrådmannen går det fram at det ikkje er behov for elevplassane ved denne private skulen mellom anna fordi det skal byggast to nye vidaregåande skular i Bergen, i Olsvik (2006) og på Sørås (2008).
Saka går vidare til fylkesutvalet 27. januar.
Bjarte Brask Eriksen