- I 2004 reiste det 41.232 passasjerar over Stord lufthamn. Dette er ein auke på 11.562 passasjerar. Det tilsvarar ein auke på 39 prosent i høve til 2003, opplyser lufthamnsjef Jan Morten Myklebust.
Auka frekvens
Lufthamnsjefen seier at trafikkveksten skuldast mellom anna at Coast Air har auka frekvensen på Osloruta, då dei overtok denne ruta frå Golden Air i august månad. Coast Air nyttar også større fly enn det som Golden Air nytta.
Vidare har Atlantic Airways vore ein god bidragsytar til trafikkveksten. Det færøyske flyselskapet flyg tilsette i Aker/Kværner til Snøkvitprosjektet i Hammerfest.
Coast Air har også flydd charter frå Skottland til Stord med skotske gjestearbeidarar som har arbeida på Aker Stord.
Stord-Oslo
På ruteflya mellom Stord og Oslo reiste det 31.681 passasjerar i 2004. Dette er ein auke på 2.408 passasjerar eller 8,2 prosent i høve til 2003. I 2004 vart det registrert 5.471 charterpassasjerar over lufthamna. Dette er ein auke på 5.066 i høve til 2003. 1.718 av desse reiste til/frå utlandet. Stord lufthamn hadde i 2004 4.080 transittpassasjerar.
Nedgong i flyrørsler
Lufthamna hadde i fjor 4.308 registrerte flyrørsler. Dette er ein nedgong på 375 flyrørsler i høve til 2003. Av disse var 1.703 relaterte til rute- og charterflyging. 2.351 av flyrørslene var relatert til småflyaktivitet. Lufthamna hadde i fjor 26 flyrørsler som var relaterte til ambulanseflyging.
Positiv trafikkvekst
Stord lufthamn reknar med at den positive trafikkveksten vil halda fram også i 2005. Målet til lufthamnstyret er å ha 50.000 reisande over lufthamna i 2005. Atlantic Airways kjem til å auka frekvensen på flyginga si på strekninga Stavanger-Stord-Alta t/r (Snorreprosjektet) og det færøyske flyselskapet vil også starta flygingar på strekninga Stord-Molde i samband med oppstart av Ormen Lange-prosjektet i mai 2005. Atlantic Airways vil også føreta flyging frå Stord til Færøyene i sommar. Ein reknar og med at den positive utviklinga på ruta Stord-Oslo-Stord vil halda fram. Coast Air har no starta ruteflyging på strekninga Stord-Haugesund-Sandefjord, med retur, fredagar og vil auka opp med ein rundtur også på måndagar frå og med mandag 24. januar.
