Søkjarkatalogen til vidaregåande opplæring i Hordaland er lagt ut på nett. Den er og tilgjengeleg i trykt versjon. Søknadsfristen er 1. mars.

Søkjarkatalogen for 2005 i pdf-format
Nytt i år er at det er innført såkalla fritt skuleval. Det vil seie at du kan søkje kva skule du vil, som har det kurstilbodet du ønskjer. Du blir derfor ikkje lenger styrt til nærmaste skule, men tevlar om inntak til den enkelte skule i høve til karakterpoengsum.
Nytt i år er og at du skal bruke søknadskjemaet til vidaregåande opplæring i Hordaland når du søkjer nokre av friskulane (private vidaregåande skular). Merk at du må føre opp friskulen som første skuleønskje på første kursønskje for at søknaden skal bli handsama.