Nye ras skaper uvisse og redsel i Hardanger —rassikringsinnsatsen må følgjast opp og aukast

Viktige vegsamband vert stengde og innbyggjarane føler seg utrygge etter det siste redselsdøgnet med ras i Hardanger. Vi vil på det sterkaste oppfordra om at dei auka rammene til rassikring som det er lagt opp til i Nasjonal transportplan 2006-2015, vert


Hordaland har fleire akutte og prioriterte rassikringsprosjekt på riksvegnettet som vi ser fram til kan realiserast med den planlagde auka satsinga på rassikring. Vi har ikkje råd til at eit einaste av dei vert utsett i tid på grunn av manglande årlege løyvingar i dei komande statsbudsjetta, heiter det m.a. i brevet frå den politiske leiinga i Hordaland fylkeskommune.

Brevet som er sendt har denne ordlyden:
«Nye ras skaper uvisse og redsel i Hardanger
– lovnader om auka rassikring må oppretthaldast!

Det har på nytt vore eit redselsdøgn i Hardanger på grunn av ras og fleire stengde vegar. Dette er ein situasjon som i dag er omtalt i fleire media, som vi og håpar har nådd fram heilt til statsråden.

Viktige vegsamband vert stengde og innbyggjarane føler seg utrygge. Dette er ein svært vanskeleg situasjon for m.a trafikantane som skal til/frå skule eller arbeid og næringslivet sine godstransportar.

Det er kun tilfeldig at rashendingane ikkje i større grad går ut over liv og helse til dei som ferdast på vegnettet i denne delen av Hordaland. Denne tilfeldige risikoen for liv og helse kan aldri aksepterast.

I samband med Stortinget si handsaming av Nasjonal transportplan 2006-2015 vart dei økonomiske rammene for framtidig rassikring fastsett. Desse rammene representerer ei auke satsing på rassikring i høve til tidlegare planperiodar.

Eg vil på det sterkaste oppfordre til at rammene i Nasjonal transportplan 2006-2015 vert følgt opp med løyvingar i statsbudsjettet for 2006 og åra framover. Som politiske styresmakter på alle nivå har vi eit ansvar for å sette oss inn i situasjonen med å ferdast dagleg på eit vegnett med overhengande rasfare. Eller kanskje tilsvarande som foreldre å måtte sende eigne barn av garde med skuleskyss på det same vegnettet.

Hordaland har fleire akutte og prioriterte rassikringsprosjekt på riksvegnettet som vi ser fram til kan realiserast med den planlagde auka satsinga på rassikring. Vi har ikkje råd til at eit einaste av dei vert utsett i tid på grunn av manglande årlege løyvingar i dei komande statsbudsjetta.»

Stanley Hauge

07.01.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart