I samband med tildeling av 10 ordinære drosjeløyve til Norgestaxi Bergen i september 2004 vedtok fylkesutvalet også å omgjera dei komande 20 reservedrosjeløyve som ville verta innleverte til ordinære løyve knytte til NorgesTaxi Bergen. Dette omgjeringsvedtaket er påklaga av Bergen Taxi og det har heller ikkje vore innlevert reservedrosjeløyve i 4. kvartal 2004. Vedtaket er i samband med oppretting av 20 nye løyve no, oppheva av fylkesutvalet.
Stanley Hauge