Nordhordlandsbrua har dobla trafikken over Salhusfjorden

Trafikken over Nordhordlandsbrua kom i 2004 opp i 3 458 887 passeringar, ein auke på 4,1 % frå året før. Samanlikna med det siste heile driftsåret for ferja Knarvik-Steinestø er talet på køyretøy som kryssar fjorden meir enn dobla. I 1993 vart 1 684 081 k

I desember 2004 var trafikken over Nordhordlandsbrua 274 586 passeringar, eller 8 858 pr døger. Dette er ein auke på 7,1 % i høve til desember 2003.

Pr. døger passerte det i fjor 9 451 køyretøy over brua. For heile 2004 var trafikkauken 4,1 %. Rekna pr. døger var auken 3,8 % (skotår i 2004).
Tungtrafikken auka med 2,6 % etter ein mindre nedgang i 2003. 67,7 % av den betalande trafikken nyttar klippekort, ein auke på 0,4 % i høve til året før.

Den 16. desember 2004 vart eit lån på 50 mill. kr i Kommunalbanken innløyst. Restgjelda er no 120 mill kr. Renta på lånet er 2,32 % p.a.

Stanley Hauge

05.01.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart