
Positivt
Når det gjeld 2005 ventar store deler av næringslivet i begge fylka ei positiv marknadsutvikling. Sysselsetjinga har hittil ikkje auka i takt med veksten i økonomien. Men det er teikn som peikar i rett retning på dette området no, går det fram av næringsbarometeret.
Samarbeidstiltak
Det er fylkeskommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane saman med Aetat, NHO, Innovasjon Noreg og Sparebanken Vest som står bak dette næringsbarometeret. Spørsmåla det ønskjer å gje svar på handlar om kva som er status for næringslivet på Vestlandet ved inngangen til 2005, kva marknadsutsikter det er for dei enkelte næringane, og korleis det påverkar investeringane og sysselsetjinga, i tillegg til det offentlege.
Sysselsetjinga
Ved utgangen av 2004 var det 3,6 prosent arbeidsledige i Hordaland og 2,7 prosent i Sogn og Fjordane. Sysselsetjinga er påverka av at fleire bransjar er inne i omstillingar og rasjonalisering. Dette gjer at sysselsetjinga ikkje har auka i takt med næringsveksten.
Forsiktig vekst
Næringsbarometeret viser at fleire av dei store næringane no venter forsiktig vekst i sysselsettinga. Når det gjeld kvar det er venta mest vekst i sysselsetjinga, er det dei same næringane som går att i begge fylka, men forventningane er høgare i Hordaland enn i Sogn og Fjordane.
Optimisme
Bedriftene i begge fylka er optimistiske med omsyn til marknadsutsiktene, dette gjeld litt fleire bedriftene i Hordaland enn i Sogn og Fjordane. I begge fylke er forventningane store innan reiseliv. Shipping står òg sentralt i forventningane i Hordaland.
Reiselivet
For reiselivet var 2004 var det beste året på lenge. Det er stor optimisme for 2005, men òg ein del utfordringar.
Shipping
Shipping opplever for tida rekordhøge ratar, og det blir bygt skip som aldri før. Dette vil også få innverknad på norske verft.
Industrien ventar vekst
Over 50 % av industribedriftene i begge fylka venter positiv marknadsutvikling i 2005. Dei oljerelaterte eksportbedriftene er aller mest positive.
Energiverk på Mongstad
Hordaland arbeider med å få etablert energiverket på Mongstad. Det er forventa å gje store ringverknader for regionen. Eit anna område med stort potensial er kraftproduksjon med alternative energikjelder som vindkraft og små vasskraftverk. Her er potensialet størst i Sogn og Fjordane.
Havbruk
Innan havbruk er det no venta auka lønsemd, men avvikling av forkvotar kan gje næringa utfordringar i åra som kjem. Innan fiskeri ønskjer styresmaktene å endre regelverket for å stimulere til meir strukturering. Målet er å redusere kapasiteten og auke lønsemda.
Kutt i kommunar
Den tronge kommuneøkonomien fører til nye kutt i sysselsetjinga, mellom anna innan helsearbeid og undervisning. Vekst i sysselsettinga er mellom anna venta å komme innan tenesteytande næringar.
Låge investeringar
Det er framleis venta låge investeringar, med nokre positive unntak.
Vestlandet viktig for landet
Næringslivet på Vestlandet spelar ei særs viktig rolle for heile Noreg. Vestlandet er den tyngste eksportregionen i landet. Nokre av dei viktigaste næringsgreinene våre; reiseliv, energi og sjømat har nokre av sine sterkaste område nett her. Ei gruppe politikarar, næringslivsleiarar og forskarar la på Sparebanken Vest sin Vestlandskonferanse i Loen i juni 2004 fram ein visjon om at «Vestlandet skal i 2015 vere den mest konkurransedyktige region i global samanheng innanfor områda energi, maritim verksemd og sjømat, og det skal byggjast ut infrastruktur og kunnskaps- og forskingsmiljø som gjer det mogleg.»
Meir om Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane
Næringsbarometer 1-2005(pdf-format)
Stanley Hauge og Henning Rivedal