Næringsbarometer for Hordaland og Sogn og Fjordane

Eit nytt næringsbarometer skal gi bilete av tilstand, utfordringar og forventa utvikling i ulike deler av næringslivet i Hordaland og Sogn og Fjordane. Barometeret blir lansert i Bergen 18. januar.


Det nye Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane vert lagt fram hos Bergen Næringsråd (Grand selskapslokaler)tirsdag 18. januar kl. 1115-1300. Det vil også vere lokale presentasjonar på Straume, Alver, Stord, Norheimsund og Tyssedal seinare same dag /dagen etter.

Meir informasjon om barometeret og om presentasjonane, samt påmeldingsinformasjon:
www.hordaland-f.kommune.no/ru/naringsbarometeret/

Mellom anna på grunnlag av data frå ei spørjeundersøking til ei rekkje bedrifter, gir Næringsbarometeret eit bilete av tilstand, utfordringar og forventa utvikling i ulike deler av næringslivet i dei to fylka.

Barometeret er eit samarbeid mellom Sparebanken Vest, NHO, Innovasjon Norge, Aetat og fylkeskommunane i begge fylke. Det vil verte utgjeve to gongar i året, i januar og i juni.

Hordaland fylkesutval har løyvd inntil 262.260 kroner til deltaking i arbeidet med Næringsbarometeret for 2005.

Ronny Strand

06.01.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart