Vedtaka i fylkesutvalet var samrøystes med unnatak av Årvik kraftverk som vart tilrådd godkjent med 13 mot tre (SV, V) røyster.
Småkraft AS er eigd av seks selskap i Statkraftalliansen; Skagerak Energi, Hedemark Energi, Trondheim Energiverk, Agder Energi, BKK og Statkraft SF. Småkraft AS er etablert for å byggje ut små kraftverk saman med grunneigarar, der grunneigarane også framover skal ha eigedomsretten til fallet, medan Småkraft AS står for bygging og drift.
Gjerde kraftverk
Småkraft AS ynskjer å byggje Gjerde kraftverk i Gjerdselva i Kvinnherad. Kraftverket vert liggjande ved Gjerdetunet i Austrepollen, og vil nytte eit fall på 438 m til produksjon av 5,7 GWh årleg.
Med atterhald om konflikt med hittil ikkje kjende automatisk freda kulturminne, og under føresetnad av det vert teke særleg omsyn til dei kjende kulturminna ved Gjerde, rår fylkesutvalet til at Småkraft får løyve til bygginga av Gjerde kraftverk.
Røyrtraseen vil vere synleg eit par plassar, men vil i hovudsak vere grave ned. Øvre del av nedbørsfeltet til Gjerdselva er tidlegare overført til kraftproduksjon i Mauranger kraftverk.
Øyrabekken kraftverk
Småkraft AS ynskjer å byggje Øyrabekken kraftverk i Kvinnherad. Kraftverket vert liggjande ved fjorden, ikkje langt frå Hessvika, og vil nytte eit fall på 303m til produksjon av 8,9 GWh årleg. Vatnet vert ført i røyr, delvis nedgrave og dels lagt på betongfundament. Eksisterande kanalisering av vatn til Hessvikelva til ekstra vassforsyning og eit lokalt gardskraftverk vil stanse etter avtale mellom utbyggjar og grunneigar.
Fylkesutvalet vil rå til at Småkraft får løyve til bygging av Øyrabekken kraftverk som omsøkt.
Årvik kraftverk
Småkraft AS ynskjer å byggje ut Årvik kraftverk på Jondalshalvøya i Kvinnherad. Kraftverket vil nytte fallet mellom Skitnatjørna og fjorden, for å produsere om lag 30 GWh årleg. Det vert ikkje reguleringsmagasin eller overføring frå andre vassdrag, men skogsbilvegen må forlengjast, og det vert bygd ein inntaksdam. I periodar vil elva og fossen Kvittingen bli turrlagd.
Fylkesutvalet i Hordaland meiner ei utbygging av Årvik kraftverk ikkje er i vesentleg konflikt med viktige regionale interesser, og rår til at det vert gjeve løve til utbygging. Vassføring i elva er ei viktig del av landskapsbiletet, og fylkesutvalet rår til at det vert sett krav om ei viss minstevassføring i elva.
Gjetingsdalen kraftverk
Lokale grunneigarar i Gjetingsdalen i Kvinnherad ynskjer å byggje Gjetingsdalen kraftverk i Daleelva. Kraftverket vil nytte eit fall på 248 m, mellom kote 423 og 175. Inntaket vert etablert ved bygging av lausmasseterskel over elva og ein 30 m kanal fram til inntaket. Inntaksrøyret på 1,6 km vert nedgrave, det same vert kabel for tilkopling til kraftnettet. Kraftstasjon vert eit lite bygg med utvendig kledning tilpassa lokal byggeskikk. Årleg medelproduksjon er rekna til 9,7 GWh. Røyrtrase må justerast for ikkje å kome i konflikt med ein gamal ospeskog som er viktig for fleire raudlisteartar av fugl, heiter det i saksutgreiinga.
Hordaland fylkesutval er positiv til at det vert gjeve løyve til bygging av Gjetingsdalen kraftverk, under føresetnad av at traseen for inntaksrøyret vert justert slik at den ikkje kjem i konflikt med den gamle ospeskogen ved Hovdabrotet.
Stanley Hauge