Målet med konferansen
er å skapa ein arena for dialog om lokalsamfunna si utvikling og rolle i kommuneNoreg. Setja fokus på ressurskopling og kva ein kan få til saman for å styrkja busetjing i distrikta, bulyst, trivsel og oppvekstvilkår i alle typar lokalsamfunn.
Vi trur at «bulysta» treng mange bein å stå på for å skapa gode lokalsamfunn. Vi ynskjer gjennom konferansen å setja søkjelys på nokre av dei; mellom anna identitet, næringsutvikling, mangesysleri, kultur og estetikk, seier rådgjevar Anne Hunderi i Hordaland fylkeskommune.
— Det handlar om utvikling i lokalsamfunna og å fremja ny næringsutvikling, optimisme og at folk er stolte av plassen sin, seier Hunderi.
Målgruppe
Målgruppa for konferansen er politikarar, administrasjon og den 3. sektor ( lag og organisasjonar) og alle eldsjeler i lokalsamfunna. Dette gjeld primært for Hordaland, Sogn og fjordane og Møre og Romsdal, men konferansen er open for alle som vil delta, og invitasjonen vert spreidd nasjonalt.
Tilskiparar
Bak konferansen står Hordaland fylkeskommune, Innovasjon Norge i Hordaland og Fylkesmannen i Hordaland, i samarbeider med tilsvarande fylkeskontor i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Postkort om konferansen (pdf)

Stanley Hauge