
Forvaltningsplanen er eit viktig verkemiddel for å få gjennomført tilrådingane og skal gje overordna rammer for det vidare arbeidet. Den skal ta føre seg dei viktigaste problemstillingane vedrørande sikring, istandsetting, vedlikehald og formidling og inneheld retningslinjer om nødvendige tiltak og ansvarsforhold. Dette vil vere ein viktig reiskap for alle som er involverte arbeidet med å verne, bevare og formidle verdiane i dette unike kulturminnet.
Fem norske kulturminne
Bryggen i Bergen er eitt av fem norske kulturminne som står på UNESCO si liste over verdas kultur og naturarv. Dei andre er Røros, Urnes stavkyrkje, Vegaøyane og helleristningane i Alta. Hovudgrunngjevinga til at Bryggen kom med på verdsarvlista i 1979 er byggeskikken som representerer ein nordeuropeisk urban bygningstradisjon som har røter i mellomalderen og at ein her har den einaste gjenverande del av eit hanseatisk kontor.
Plikt til vern
Ein plass på verdsarvlista plasserer Bryggen mellom andre kjende monument som Den Kinesiske Mur, Keopspyramiden i Egypt og Akropolis i Hellas. Den norske staten har ved ratifisering av UNESCO – konvensjonen plikta seg til å verne, bevare og formidle dei verdiane ein har på Bryggen. Med dette har vi tatt på oss eit stort ansvar. Eit ansvar som vi tek på alvor. Som del av den statlege oppfølginga av verdsarvkonvensjonen vert det gjennomført evalueringar av verdskulturminna av uavhengige ekspertar kvart sjette år. Staten har engasjert ICOMOS (International Council On Monuments and Sites) til å gjere denne evalueringa av Bryggen i 1994 og 2001.
Ansvar
For å møte dei utfordringane som låg i oppfølginga av tilrådingane frå ICOMOS-evalueringa tok Hordaland fylkeskommune på seg ansvaret for å lage ein forvaltningsplan for verdskulturminnet Bryggen. Hordaland fylkeskommune har med delegasjon av ansvar og mynde etter kulturminnelova hatt tilsynsansvar med bygningsmassen i verdskulturminnet Bryggen fram til 1. februar 2004 då byantikvaren i Bergen kommune tok over.
Levande bydel
Forvaltningsplanen som her ligg føre er arbeidd fram i kultur og idrettsavdelinga i Hordaland fylkeskommune i samarbeid med representantar frå byantikvaren, Bryggen Private Gårdeierforum, Stiftelsen Bryggen, og riksantikvaren distriktskontor vest. Det nære samarbeidet mellom forvaltningspartane har vore ein føresetnad for at planen skulle få det rette forhold mellom bevaring av kulturminnet og utvikling av Bryggen som ein levande bydel i Bergen sentrum.
Nettversjon av forvaltningsplanen for verdskulturminnet Bryggen (pdf-format):
Forord til planen
Del 1 - Verdskulturminnet Bryggen
Del 2 - Vurdering av kulturmiljøet
Del 3 - Forvaltning av kulturmiljøet
Vedlegg
Lena Jensen