Flodbølgjekatastrofen i Søraust-Asia vedkjem oss alle. Hordaland fylkeskommune har bede alle dei vidaregåande skulane vera budde på at det kan vera behov for tiltak i samband med at elevar eller tilsette er mellom dei omkomne eller sakna.
Opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld har sendt ut informasjon til alle rektorane med føringar for krisearbeidet det kan verta behov for.
I skrivet frå opplæringsdirektøren heiter det m.a.: «Ved sidan av krisehandteringsarbeid av ulikt slag og etter behov i den enkelte klassen/gruppa, kan det vere av stor verdi å handsame den kollektive sorga gjennom fellesinnsatsar. Slike innsatsar kan til dømes vere ulike slag fellesmarkeringar eller minnestunder (jf UFD’s pressemelding 02.01.), det kan vere ein lokal innsamlingsaksjon til støtte for flodbølgjeoffer i Asia osb. Elevrådet vil truleg kunne spele ei verdfull rolle i slike samanhengar.»
Skulane vert oppfordra til å ta kontakt med dei aktuelle profesjonelle instansane (primærhelsetenesta i kommunen og vår eiga OT/PPT ) i den grad rektor finn at det er behov for det.
Skriv frå opplæringsdirektøren
Stanley Hauge