Forslaget frå fleirtalet i adhocutvalet vart vedteke med 12 (H, Frp, KrF, SP, V og SV) mot tre (AP) røyster.
Vedtaket lyder:
1. Fylkesutvalet ber styret i Sunnhordland bru- og tunnelselskap kalla inn til ekstraordinær generalforsamling. Denne vert å halde medio februar, seinast innan utgangen av februar.
2. Fylkesutvalet ber adhoc-utvalet førebu den ekstraordinære generalforsamlinga, herunder fylkeskommunale representantar.
3. Fylkesutvalet ber representanten/ar på ekstraordinær generalforsamling fremje forslag om:
– at det sitjande styret i Sunnhordland bru- og tunnelselskap vert avløyst av eit nytt styre der fylkeskommunen har fleirtal.
– at selskapet bør leggje denne rapporten til grunn for vidare arbeid, mellom anna når det gjeld engasjement for andre selskap.
4. Fylkesutvalet ber administrasjonen utarbeida sak for fylkestinget som greier ut føljande tema:
· anbefalt organisering av bompengeselskap herunder om organiseringa i dei ulike fasane av eit utbyggingsprosjekt;
– initiativfasen/lobbyfasen
– byggefasen
– driftsfasen
· anbefalt eigarstrategi for fylkeskommunen, herunder om;
– rutinar for utveljing av representantar til generalforsamlingar
– rutinar for informasjon og instruksjon til generalforsamlingsrepresentantar:
· - rutinar for styrerepresentantar som klargjer representanten sitt ansvar for styrearbeidet til selskapet og ansvaret overfor fylkeskommunen som eigar og forvaltningsorgan
– kan personell frå administrasjonen sitje i styreverv for fylkeskommunen? Og kven kan eventuelt bli valt?
– fylkeskommunen sin adgang til eigen kontroll og revisjon i selskapet.
5. Fylkesutvalet ber fylkeskommunen sin representant på neste ordinære generalforsamling i Osterøy bruselskap om å:
· fremja forslag om at styret går igjennom sine rutinar for deltaking på konferansar og årsmøte. Herunder ei utgreiing om kva som vurderast som naudsynt deltaking og kva som vurderast som forsvarleg i høve til bompengeavtalen og bruk av bompengeinntekter for slik aktivitet.
Mindretalet i fylkesutvalet (Ap) støtta følgjande forslag frå Gisle Handeland:
· «Fylkesutvalet sluttar seg til adhoc-utvalet sitt mindretals konklusjonar og oversender rapporten til dei aktuelle selskapa.
· Fylkesutvalet legg til grunn at styret og generalforsamlingane i selskapa behandlar rapporten med sikte på å setja i verk dei nødvendige tiltak for styring og drift av selskapa.
· Når det gjeld Sunnhordland bru- og tunnelselskap, går fylkesutvalet inn for at det – i tråd med ønskje frå fleire av eigarkommunane – vert innkalla til ekstraordinær generalforsamling så snart som praktisk mogleg.»
Protokollmerknad frå Høgre, Fremskrittspartiet, Kristeleg folkeparti og Arbeiderpartiet:
Vi ser ikkje at dei styreverva som er skisserte i adhocutvalet sin rapport på side 15 (gjeld dagleg leiar i Sunnhordland bru- og tunnelselskap) på nokon måte er i strid med bompengeavtalen.
Samandrag av rapporten til adhoc-utvalet
Rapporten til adhoc-utvalet
Vedlegg til rapporten til adhoc-utvalet (pdf-format)
Stanley Hauge