Hordaland fylkesutval er positive til framlegget om å auke og spissa satsinga på næringsretta forsking, men ser ikkje at det er ei god løysing å samle all slik forsking innanfor blå og grøn sektor i eit nasjonal konsern.
Bergensregionen har det tyngste marine forskings- og næringsmiljøet i Noreg. Bergen og Hordaland peiker seg ut som det naturlege hovudsenteret for marin forsking i Noreg, og også for lokalisering av hovudkontoret til eit nytt holdingselskap og dotterselskap, dersom staten vel å oppretta slike, meiner Hordaland fylkesutval.
Fylkesutvalet seier dette i fråsegna si til den statlege utgreiinga, frå Fiskeri- og kystdepartementet og Landbruksdepartementet, om den blå-grøne matalliansen og ny struktur på forskingsinstitutta.
Fylkesutvalet i Hordaland er positiv til ei betre samordning av forskinga innanfor fiskeri, havbruk og landbruk. Rammevilkåra må leggja til rette for forskingsfagleg samarbeid og komplementær arbeidsdeling med utgangspunkt i eksisterande sterke fagmiljø.
Fylkesutvalet går inn for at havbruksstasjonane framleis må eigast og drivast av det enkelte forskingsinstituttet. Ei samling i eit eige aksjeselskap vil ikkje vera tenleg i høve til forskinga.
Stanley Hauge