Austrheim vidaregåande skule feirar 25 år

Austrheim vidaregåande skule markerer 27. januar at det dette skuleåret er 25 år sidan skulen vart skipa. Jubileumsmarkeringa er lagt opp med aktivitetar på skulen på dagtid og med omvisning og fest for tilsette og inviterte gjester om kvelden.

Kl. 10.30-12.30 torsdag 27. januar er det lagt opp arrangement for elevane ved skulen. Det vert felles samling med talar, underhaldning og matservering.

Presenterer skulen
I tida 13.00-17.30 vert det presentasjon av skulen for foreldre, føresette, tidlegare elevar og elles alle interesserte. Det er lagt opp til å visa eit historisk tilbakeblikk ved bruk av tekst og bilete. Elevane skal presentera ulike tilbod ved skulen i dag, og skulen vil fortelja om visjonane dei har for framtida.

Omvisning
Frå kl. 17.00-20.30 vert det offisiell markering for tilsette og inviterte gjester. Etter ei omvisning på skulen er det klart for servering i kantina med tilhøyrande talar og underhaldning.

Stanley Hauge

17.01.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart