Adhocutvalet si tilråding: Ekstraordinær generalforsamling for å velja nytt styre i SBT

Fleirtalet i adhocutvalet som fylkesutvalet sette ned for å sjå nærare på bompengeselskapa etter Statens vegvesen sin revisjonsrapport frå desember 2004, rår til at det skal haldast ekstraordinær generalforsamling i Sunnhordland bru- og tunnelselskap (SB


Fleirtalet i utvalet er Torill Selsvold Nyborg (KrF) – leiar, Tom-Christer Nilsen (H), Terje Søviknes (Frp) og Harald Hove (V). Fylkesutvalet skal handsama saka 27. januar.

Generalforsamling i februar
Tilrådinga til adhocutvalet er at det skal haldast ekstraordinær generalforsamling i Sunnhordland bru- og tunnelselskap (SBT) innan medio februar, og seinast innan utgangen av februar. Styret i SBT skal avløyst av eit nytt styre der fylkeskommunen har fleirtal.

Osterøy bruselskap
Fylkeskommunen sin representant skal på førstkomande generalforsamling i Osterøy bruselskap be styret gå gjennom rutinane for deltaking på konferansar og årsmøte, rår adhocutvalet til.

Mindretalstilråding
Mindretalet, Gisle Handeland (Ap), går inn for at ad hoc-utvalet sin rapport skal sendast over til dei aktuelle selskapa som skal behandla han med sikte på å setja i verk nødvendige tiltak for styring og drift av selskapa. Også Handeland går inn for at det snarast skal kallast inn til ekstraordinær generealforsamling i SBT.

Fylkestingsak
For å få gode retningsliner for framtida vil adhocutvalet ha ei fylkestingssak med utgreiing om fylkeskommunen sin strategi for organisering og eigarskap i bompegeselskap. Saka skal innehalde tilrådd organisering i initiativfasen, byggjefasen og driftsfasen. Like eins retningsliner for utveljing av representantar til generalforsamlingar, rutinar for informasjon og instruksjon av representantar til generalforsamlingar m.m.

SBT svekkjer tilliten
Etter adhocutvalet si vurdering, er det dokumentert tilhøve i Sunnhordland bru- og tunnelselskap som svekkjer tilliten hjå eigarar, brukarar og kommunale forvaltningsorgan. Trass signala frå styret, ser adhocutvalet det som naudsynt for fylkeskommunen å reagere proaktivt ved å gje føringar for selskapet som kan retta opp tillit og bringe selskapet sine aktivitetar i samsvar med våre eigarinteresser, heiter det i Ad hoc-utvalet sin rapport.

I strid med bompengeavtalen
Generelt i riksvegprosjekt ser adhocutvalet at rollene til eit selskap som arbeider for vegutbygging, vil vere forskjellig i prosjektet sine ulike fasar. Når prosjektet er kome til ein driftsfase, er oppgåvene for innkrevjar styrt av bompengeavtalen.

Der selskapet sine eigne vedtektene gjev SBT høve til å engasjere seg i andre prosjekt, er adhoc-utvalet av den oppfatning at dette ikkje harmonerar med avtalen. Dette er å forstå slik at avtalen legg begrensningar på selskapet i den tida ein har avtaleforplikta seg til Statens vegvesen. Så lenge vedtektene ikkje er endra etter at avtalen vart inngått, meiner adhocutvalet at SBT ikkje kan engasjere seg i prosjekt som fell utanfor vilkåra som avtalen set.

Kritisk til SBT
Adhocutvalet registrerer at det ikkje har kome innsigelsar frå eigarar eller Statens vegvesen, før den aktuelle internrevisjonen, knytt til SBT si verksemd i høve til avtalen.

I høve til SBT, stillar adhocutvalet seg kritisk til fleire punkt knytt til både pengebruk og utførte oppgåver. Det synest å ha utvikla seg ein praksis i selskapet som ikkje er i tråd med føringane i avtalen, og då spesielt punkta i avtalen om kva det kan nyttast bompengeinntekter på og kva selskapet ikkje skal engasjera seg i.

Eigar utan styrefleirtal
Hordaland fylkeskommune eig 61,8 % av aksjane i SBT. Adhocutalet finn ikkje at fylkeskommunen har hatt eit faktisk fleirtal i styret som er på sju medlemer. Utvalet går inn for å endra dette slik at fylkeskommunen får fleirtal i samsvar med aksjemajoriteten.

Fylkesrådmannen sit no som styremedlem i SBT.
Adhocutvalet påpeikar at der rådmannen sit i eit styre, kan dette føra med seg habilitetsproblem for fylkeskommunen. Både i høve til eigar- og forvaltningsrolla. Adhocutvalet vil for framtida rå til at den som sit som fylkesrådmann normalt ikkje skal sitja i styre på vegner av fylkeskommunen.

Osterøy bruselskap
Overfor Osterøy Bruselskap rår fleirtalet i adhocutvalet til at fylkeskommunen sin representant på neste ordinære generalforsamling, stiller forslag om at styret går igjennom sine rutinar for deltaking på konferansar og årsmøte. Herunder ei utgreiing om kva som kan vurderast som naudsynt deltaking og kva som kan vurderast som forsvarleg i høve til bompengeavtalen og bruk av bompengeinntekter for slik aktivitet.

Hordaland fylkeskommune har 14,3 % av aksjekapitalen i Osterøy bruselskap.

Samandrag av rapporten til adhoc-utvalet

Rapporten til adhoc-utvalet

Vedlegg til rapporten til adhoc-utvalet (pdf-format)

Stanley Hauge

21.01.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart