
- Vi har ein trivselsfingerregel om at ei stilling i landbruket genererer tre stillingar innan sal, service og foredling, seier rektor Nils Dagestad
Sjå bilete frå aktivitetane ved Voss jordbruksskule
- Voss jordbruksskule har elevar frå heile Hordaland. Nøgde elevar er beste reklamen for skulen. Elevar som har lukkast er alfa og omega, seier elevinspektør Samson Hamre.
Største elevkullet gjennom tidene
Dette skuleåret har Voss jordbruksskule det største elevkullet nokon gong, 165 elevar og 66 tilsette totalt.
- Elevane våre har genuin interesse for å arbeide med dyr og natur. Mange har odelsrett eller vil kjøpe gard. Førre skuleår var hestefagslinja ved skulen den vanskelegaste linja i Hordaland å kome inn på med eit karaktergjennomsnitt på over 5,5, seier rektor Nils Dagestad.
Skal overta gard
Ein av elevane, Olav Bringedal, frå Kvinnherad, er odelsgut og likar seg godt på skulen. Han utdannar seg til agronom.
- Eg veit eg skal drive gard. Det er framtida for meg. Som bonde må vi prøve å klare oss meir og meir sjølve. Her på skulen får eg mellom anna lære å slakte, slik at vi ta oss av våre eigne dyr, seier Bringedal.
Trivselsfingerregel
Nils Dagestad har vore bonde i 30 år. Dette er fjerde året han er rektor ved skulen.
- Gardsdrift har interessert meg heilt sidan eg var smågut. No har eg drive slektsgarden i 30 år. Vi er i stadig utvikling. Rammevilkåra kan vi ikkje gjere noko med, men vi kan gjere elevane skikka til å drive gard. Men ikkje på langt nær alle blir bønder. Mange går over i sal, service, foredling i landbruket, slakteri, pølsevarer, som landbruksmekanikar eller ved maskinverkstad. Ein del hamnar på landbrukshøgskulen på Ås. Vi har ein trivselsfingerregel om at ei stilling i landbruket genererer tre stillingar innan sal, service og foredling.
Nye fag som villmarksliv
For at bonden skal kunne utvikle gardsdrifta vidare, har Voss jordbruksskule introdusert nye fag for at bonden skal kunne drive med andre ting enn det tradisjonelle. Eitt av desse faga er villmarksliv med aktivitetar som friluftsliv, jakt, fiske, elvepadling, fjellklatring etc. Målet er gardsturisme, der turistane får tilbod om slike aktivitetar.
- Vi likar oss svært godt her. Det er kjempemoro. Vi likar natur og friluftsliv, seier Ole Kristian Årmot, Helge Vidar Nummedal, Marte Storebø og Incas Hill som går på VK1 villmarksliv.
Når dei er ferdige med dette skuleåret, skal dei ta eitt år til på Voss jordbruksskule, slik at dei får studiekompetanse.
Bonden vil kjøpe seg fri tid
Men for at bonden skal kunne satse på anna enn tradisjonell gardsrift, kan det vere behov for frikjøpt tid. Dette er og eit prosjekt ved Voss jordbruksskule.
- For å frigjere arbeidskraft, kan fire-fem gardar gå saman om å drive felles fjøs. Frigjort arbeidskraft kan brukast til aktivitetar som friluftsliv. Vi har to-tre prosjekt på Voss med samdriftsfjøs. Dette ser vi på som næringsutvikling, seier Samson Hamre.
Samarbeid med lokalt næringsliv
Samarbeid med det lokale næringslivet ser og Voss jordbruksskule som viktig. Eit nytt foredlingskjøken har fått skulen på bana som regional utviklingsaktør i lokalmiljøet. På foredlingskjøkenet får lokale produsentar i samarbeid med skulen, Vestnorsk kulturakademi og hotella/butikkar utvikle nye produkt under merkenamnet Vossamenyen.
- Vi har teke signala om at Hordaland fylkeskommune skal vere ein regional utviklingsaktør på alvor. Her på skulen har vi solid fagkompetanse innan landbruk, skogbruk, naturforvaltning, hest og villmarksliv. I tillegg har vi god og tenleg bygningsmasse og mykje relevant utstyr, seier rektor Nils Dagestad.
Stolt av elevane
Voss jordbruksskule satsar og på elevane i grunnskulen. Gjennom prosjektet ”Inn på tunet” får klassar vitje skulen og utføre aktivitetar som byggjer på ressursane til garden og bonden. Dette er aktivitetar som snikring, husflid, baking, produksjon og foredling av ulike produkt som bær, urter og blomar.
Skulen ser og nytten av internasjonalisering og alle elevar får tilbod om studereise til utlandet. Voss jordbruksskule tek seg og av elevar som ikkje meistrar normalløpet i utdanningssystemet. Gjennom 15 år har skulen bygd opp kompetanse for tilrettelagde elevar ved å byggje opp sjølvtillit og gje dei oppgåver dei meistrar.
- Vi er stolte av elevane våre. Her går alle om kvarandre. Mange tek ansvar for kvarandre og bryr seg. Trivselen er stor, seier rektor Nils Dagestad.
Sjå bilete frå aktivitetane ved Voss jordbruksskule
Bjarte Brask Eriksen