Noregs einaste trebåtbyggjarlinje har vore nedlagt i to år, men startar no opp att i Norheimsund, godt planta i det største trebåtbyggjarmiljøet i landet. Med dette kan trebåtnæringa i Noreg rekruttera lærlingar med grunnutdanning frå vidaregåande skule.

Trebåtentusiastar i alle aldrar
Trebåtlinja har plass til 12 elevar, av desse bør minst halvparten vera såkalla rettselevar (elevar som går ut 10. klasse i ungdomsskulen eller på andre måtar har rett til vidaregåande utdanning).
Erfaringsmessig søkjer også andre denne utdanninga, gjerne trebåtentusiastar i alle aldrar. Så sant det er ledige plassar, får alle ta del i utdanninga. Utdanninga har også internasjonal appell, slik at linja ofte har hatt utanlandske elevar.
Starta i Jondal
Linja starta i Jondal i 1979, men fekk etter kvart så liten søknad at tilbodet vart nedlagt frå hausten 2003. Trebåtnæringa i Noreg mista med dette den einaste vidaregåande utdanninga i faget.
Samarbeid
Tvers over fjorden for Jondal er det etablert eit stort trebåtmiljø i Norheimsund. Det er dette miljøet som samarbeider med Norheimsund vidaregåande skule om reetableringa av linja. Klassen vil få verkstadlokale sentralt i Norheimsund, like i nærleiken av Hardanger Fartøyvernsenter og Djupevåg Båtbyggeri.
Den praktiske undervisinga skal delvis gå føre seg i desse verksemdene med aktive båtbyggjarar som læremeistrar. Elevane får på denne måten ta del i erfaringar og kunnskap ein skule elles ikkje kan tilby.
Søknadsfrist 1. mars
Utfordringa no er å finne minst seks rettselevar som søkjer denne unike utdanninga. Så dersom du har ein trebåtbyggjar i magen er tida inne for å søkje. Søknadsfristen er 1. mars for rettselevane. Ta kontakt med Norheimsund vidaregåande skule, telefon 56 55 65 00.
Norheimsund vidaregåande skule