
Maren Eskeland, ein av elevane i Fancy Eyes UB, med sjølvlysande raudfarga linser som absolutt vil bli lagt merke til på eit diskotek. Ho går på VK1, sal og service ved Stord yrkesskule.
For fjerde gong
Dette er fjerde året på rad konkurransen om beste ungdomsbedrift i dei vidaregåande skulane i Hordaland blir skipa til. 51 kandidatar deltok i konkurransen, fire fleire enn i fjor. Arrangør er den ideelle organisasjonen Ungt entreprenørskap Hordaland, som NHO, Hordaland, har teke initiativ til å skipe. Hordaland fylkeskommune og mange andre offentlege og private bedrifter står bak organisasjonen.
Fann produktet på internett
- Vi sel linser utan styrke, men med ulike fargar og mønstre. Ideen fekk vi då vi leita etter produkt vi kunne selje på internett. Vi tok kontakt med Norsk Optikerforbund for å høyre om vi kunne selje linser. Svaret var at det var greitt, så lenge linsene ikkje har styrke. Salet har gått svært bra, seier Maren Eskeland i Fancy Eyes UB. Mange stod i kø framfor standen deira på Bergen Kongress Senter for å kjøpe.
Blitt meir profesjonelle
2. plass gjekk til vinnaren i fjor som har skifta namn frå UB Badehette til Aquafit UB. Dei to jentene ved Bjørgvin vidaregåande skole, Birgitte Nybø og Anne Marthe Økland, har utvikla ideen vidare, er blitt meir profesjonelle og sel no sitt eiga produkt, badehette under eiga namn.
- Badehetta vår gjev ei betre badeoppleving. Den er ikkje den ekle i gummi, men laga av tettvevd stoff. Den er behageleg å ha på hovudet, og håret kjem ikkje ut. Dessutan kan den vaskast på 40 gradar, seier dei to jentene, som trudde dei ikkje nådde heilt til topps i år. Men dei gjekk heilt til topps i tre av kategoriane dei har utvikla ideen vidare i: Beste brosjyre, beste nettside og beste forretningsplan.
- Vi har selt 1000 badehetter til no og satsar på resten av Noreg og Sverige og Danmark, seier dei to jentene som satsar på å vidareutvikle produktet når dei er ferdig på skulen til sommaren.
Imponert
Lars Inge Bremnes, medlem i opplærings- og helseutvalet i Hordaland, og ein av dei som var dommar, var svært imponert og hadde ingen lett jobb under kåringa.
- Elevane er svært flinke og oppfinnsame og har fått til utruleg mykje.
Inger Grete Strømme i Ungt Entreprenørskap Hordaland seier at det er svært høgt nivå på dei 51 bedriftene som er med.
- Eg er imponert. Elevane er betre enn nokon gong. Vi har 26 dommarar i sving som skal plukke ut dei beste. Eg trur elevane lærar svært mykje av å vere med på dette, seier Strømme.
Vinnaren i Hordaland går vidare til landsfinalen.
Sjå bilete frå konkurransen om beste ungdomsbedrift i Hordaland
Resultatliste fylkesmesse 2005
Ungt Entreprenørskap Hordaland
Beste logo:
1. plass: 4 Seasons UB, Os vidaregåande skule
2. plass: Kaffebønna UB, Fana gymnas
Beste brosjyre:
1. plass: Aquafit UB, Bjørgvin videregående skole
2. plass: Fancy eyes UB, Stord yrkesskule og tekniske fagskule
Beste web-side:
1. plass: Aquafit UB, Bjørgvin videregående skole
2. plass: Bergen Tegnekontor UB, Årstad videregående skole
Beste forretningsplan:
1. plass: Aquafit UB, Bjørgvin videregående skole
2. plass: T- Print UB, Os vidaregåande skule
Beste innovative produkt:
1. plass: Aqueous UB, Bergen Handelsgymnasium
2. plass: UB IdealDesign, Bergen Handelsgymnasium
Beste gastronomiske nisjeprodukt:
1. plass: UB Krydderier, Sotra vidaregåande skule
Beste utstilling:
1. plass: Havets UB, Bømlo vidaregåande skule
2. plass: Aqueous UB, Bergen Handelsgymnasium
Beste selger:
1. plass: Anne Aasen, Neglefin UB, Åsane videregående skole
Beste ungdomsbedrift:
1. plass. Fancy eyes UB, Stord yrkesskule og tekniske fagskule
2. plass: Aquafit UB, Bjørgvin videregående skole
I klassen beste reklamefilm var det berre ein deltakarar, og det vart difor ikkje kåra nokon vinnar. Ungdomsbedrifta får i staden ei vurdering fra dommarane.
Les reportasjen i Bergens Tidende om beste ungdomsbedrift i Hordaland
Bjarte Brask Eriksen