Kor mange drosjeløyve er det i Hordaland? I andre fylke? Har ein bestemt transporttør gyldig løyve for transport av personar eller gods? Kven har stilt garanti på vegner av transportøren? Hjelp til å finna svar på desse spørsmåla får du på den nyoppretta
Løyveoversikt
På nettstaden er det tilgjengeleg opplysningar om transportørar i Noreg som har gods-, tur-, drosje-, selskapsvognløyve eller løyve for transport for funksjonshemma. Ein finn mellom anna opplysningar om kven som har løyve, kor mange løyve den einskilde løyvehavar har og namn på garantist.
Opplysningar om den einskilde transportør får ein fram ved å søkja på namnet, organisasjonsnummeret eller løyvenummeret til løyvehavaren.
Tal for kvart fylke
Ei landsoversikt gjev oversikt over talet på løyve i kvar fylkeskommune og i heile landet totalt. Førebels manglar tal for eitt fylke, Østfold.
Hordaland størst på turvognløyve
For Hordaland viser oversikta at det finst 2124 godsvognløyve i fylket, 515 turvognløyve og 788 drosjeløyve. Hordaland er det fylket som har klart flest turvognløyve. Buskerud med 363 er nummer to.
Hjelpemiddel
Nettstaden er meint som eit hjelpemiddel for brukarar av transporttenester som ynskjer å finna ut og vita om ein aktuell transportør faktisk har løyve. Like eins vil nettstaden vera til stor nytte for både offentlege og private kreditorar ved at sidene har opplysningar om kven som har stilt økonomisk garanti på vegner av transportørane.
Nasjonalt transportløyveregister på internett
Stanley Hauge