«Hvordan kan Bergen lykkes som flerkulturell by?» er temaet i Den Nationale Scene og Bergens Tidende sitt nye forum for samfunnsdebatt på Lille Scene, DNS, torsdag 10. februar kl. 19.00. Innleiar er psykolog Svein Ramung.
Ramung og fleire av paneldeltakarane har vore med på å utvikla Hordalandsmodellen, eit prosjekt for å auka tverrkulturell kompetanse og forståing mellom tilsette i det offentlege. Hordaland fylkeskommune er prosjektleiar for Hordalandsmodellen.
Fleire nasjonalitetar
Stadig fleire nasjonalitetar slår seg ned i Bergen og Hordaland. Korleis skal vi utvikla dette kulturmangfaldet til eit positivt fellesskap? er eit spørsmål som vert teke opp i debatt på Lille Scene. Arrangørane ynskjer velkomen til ein samtale om dei krav ein slik ambisjon stiller både til både til nordmenn og innvanderarar.
Fritt tilgjenge
Møtet et ope for alle interesserte og det er gratis tilgjenge. Møtet vil vara i ca. to timar.
Stanley Hauge