Hordaland vil samarbeide med Zambia

Ein region i nordre delar av Zambia kan bli ny samarbeidspartnar med Hordaland fylkeskommune. Sotra vidaregåande skule har i tre år hatt samarbeid med ein vidaregåande skule i regionen. Opplærings- og helseutvalet i Hordaland ønskjer å vidareføre dette.

Representantar frå Zambia har vore i Hordaland for å diskutere samarbeidet: Avdelingsleiar for økonomiske fag ved Mbala High School, Benjamin Chaku (f.v.), rektor Paul Michael Zimba og lektor Annbjørg Kolltveit ved Sotra vidaregåande skule, som har teke initiativet til samarbeidet.

For ustabilt i Eritrea
Hordaland fylkeskommune har prøvd å få til samarbeid med ein region i Eritrea, men den ustabile situasjonen i landet, har sett ein stoppar for det. Fylkeskommunen er difor på jakt etter ein ny region å samarbeide med i eit utviklingsland.
Zambia har hatt fred og fridom i 40 år, men har 80 prosent arbeidsløyse og vanskeleg økonomisk situasjon. Prosjektet fylkeskommunen ønskjer å bli med i, er knytt til opplæring i entreprenørskap ved Mbala High School. Det går ut på at elevane skal lære å skape sin eigen arbeidsplass.

Kyllingfarm, løk og tomatar
I fjor haust var rektor og avdelingsleiar for økonomiske fag gjester ved Sotra vidaregåande skule og presenterte prosjektet for Hordaland fylkeskommune. Avdelingsleiar Benjamin Chabu sa at døme på bedrifter elevane kan starte, er kyllingfarm eller produksjon av løk og tomatar.
- Poenget er å starte i det små, med til dømes 50 kyllingar, og så auke produksjonen etter kvart, sa Chabu. Skulen i Zambia har store tilliggjande landområde som kan stillast til disposisjon for dei som vil starte eiga bedrift.

FN engasjert
Prosjektet starta for tre år sidan då lærar Annbjørg Kolltveit ved Sotra vidaregåande skule var i Zambia og såg tilhøva ved skulen. Etter dette har pengane innsamla ved Operasjon Dagsverk på Sotra gått til skulen i Zambia. Sist haust var den innsamla summen heile 215.000 kroner. No er samarbeidet kome opp på ministernivå både i Noreg og Zambia, og FNs organisasjon for utdanning, UNESCO, er involvert. Også Eid vidaregåande skule og Sogn og Fjordane fylkeskommune er med. Målet er at Mbala High School skal bli ein pilotskule i Zambia innan entreprenørskap.

Saka går vidare til fylkesutvalet 17. februar og blir endeleg avgjort av fylkestinget 9. mars.

Bjarte Brask Eriksen

10.02.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart