Fylkesutvalet rår med 12 mot 3 (Frp) røyster fylkestinget til å gjera slikt vedtak:
«1. For å nå målet om bompengeinntekter i Bergensprogrammet tilrår fylkestinget, i tråd med vedtak i Bergen Bystyre 07.02.05 at det vert etablert nye betalingssnitt med tre stasjonar i sør, slik at betalinga kan fordelast på fleire trafikkantar. Desse stasjonane vert plassert slik:
– Fjøsangerveien nord for nytt planfritt kryss.
– Sør for kryss Storetveitvegen/Fantoftvegen.
– Nattlandsveien nord for Birkelundsbakken ved Hydro/Texacostasjonen/Mannsverk
2. For å handtera uheldige køyremønster, vert følgjande tiltak gjort:
Det vert etablert eit nytt betalingssnitt med ein bomstasjon i kvar retning i Michael Krohnsgate/Damsgårdsveien for å dirigera trafikken gjennom Nygårdshøydetunnelen og redusera omkøyring over Melkeplassen.
3. Det vert søkt om å oppretta 5 nye bomstasjonar som nemnt over.
4. For å nå inntektsmålet utan prisauke, legg fylkestinget til grunn at øvre rabattsats vert endra frå 50% til 40% samt at det vert innkravd bompengar heile veka.
5. For å forsere og fullfinansiere den parallelle utbygginga av 1.byggetrinn av Ringveg Vest og bybana, samt Skansenstunnelen, tilrår fylkestinget at Bergen bomselskap A/S kan ta opp lån innanfor ei ramme på 1300 mill.kr og at bompengeperioden vert forlenga til 2015.
6. Fylkestinget vil endeleg fastsette rammene for statlege riksvegmidlar i Bergensprogrammet for perioden 2006-2015 i samband med handsaminga av handlingsprogrammet til Nasjonal transportplan 2006-2015.
7. Fylkestinget legg til grunn at vidareføring av Bergensprogrammet etter 2015 med 2.byggetrinn av bybana og Ringveg Vest, og må omfatte ei vurdering av dei samla trafikale utfordringane i Bergensområdet. I denne samanheng må og bompengefinansiering av tiltak på stamvegane i Bergen vurderast.»
Terje Søviknes (Frp) sette fram slikt forslag til innstilling
«1. Fylkestinget rår frå takstauke og innkreving laurdag/sundag
2. Fylkestinget vil ikkje tilrå at det vert oppretta nye bomstasjoanr rundt Bergen.»
Forslaget fekk FrP sine tre røyster.
Bjørn Lothe (SV) sette fram forslag til ny innstilling:
«Fylkesutvalet ber fylkestinget betrakte bompengeringen som en ”miljøring” der inntektene skal gå til trafikksikring, økt kollektiv satsing og miljøtiltak.»
Forslaget fekk to røyster (SV).
Stanley Hauge