Fylkesstønad til kulturføremål 2005

Fristane for å søkja støtte frå Hordaland fylkeskommune til ålmenne kulturføremål og særlege tiltak for born og unge i 2005, er 1. mars og 15. september. Berre tiltak med verdi for heile fylket, eller større delar av det, kan få stønad.


Ålmenne kulturføremål
Midlane til ålmenne kulturføremål vert fordelte på konkrete kulturtiltak som har verdi for heile fylket eller store delar av det. Det vert normalt ikkje gjeve vanleg driftsstønad. Tilskot frå kulturmidlane kan ikkje nyttast til investeringar i bygg og anlegg.

Lenkje til retningsliner og søknadsskjema

Kultur- og idrettsavdelinga, tlf. 55 23 91 85, kan gje nærare opplysningar.

Særlege tiltak for born og ungdom
Organisasjonar, grupper, lag og andre som skipar til barne- og ungdomstiltak med verdi for heile fylket eller store delar av det kan søkja om aktivitetsstønad.

Slik aktivitetsstønad skal gjevast til tiltak som ikkje kan reknast som lekk i det vanlege arbeidet i barne- og ungdomsorganisasjonane. Det vanlege organisasjonsarbeidet vil kunna få tilskot gjennom driftstilskotsordninga (sjå lenger nede på sida). Barne- og ungdomsorganisasjonar som får driftstilskot kan altså ikkje i tillegg rekna med å få aktivitetsstønad. Unntaka kan vera tiltak som er «opne» i den forstand at dei rettar seg mot andre eller fleire enn dei som soknar til organisasjonen eller fellestiltak mellom fleire organisasjonar. Søknader frå organisasjonar må fremjast gjennom fylkeslaga om slike finst.

Lenkje til retningsliner og søknadsskjema

Lenkje til driftstilskot/stønad til barne- og ungdomsarbeid (pdf)

Kultur- og idrettsavdelinga, tlf. 55 23 91 85, kan gje nærare opplysningar.

Oversyn over tilskotsmidlar

Søknader skal sendast til:
Hordaland fylkeskommune,
Kultur- og idrettsavdelinga,
Postboks 7900,
5020 Bergen

Stanley Hauge

02.02.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart