
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen er godt nøgde med at 2004-rekneskapen kom ut med 11,6 mill. kr i overskot og at 2002-underskotet på 42 mill. kr er dekka inn. Det positive resultatet vart feira med kake måndag 14. februar.
Rekneskapane for Hordaland fylkeskommune hadde underskot på 42 mill. kr i 2002 og på 44 mill. kr i 2003. I 2004-rekneskapen har ein dekka inn underskotet frå 2002 på 42 mill. kr. Underskotet frå 2003 er budsjettert dekka i år. Dette vil føra til at Hordaland fylkeskommune kan strykast frå departementet si liste over fylkeskommunar som er underlagt særskild kontroll. Når 2004-rekneskapen er godkjent av fylkestinget, reknar ein med å koma ut av kontrollista.
Frå store underskot til overskot
— Rekneskapsresultatet til Hordaland fylkeskommune for 2004 er ei klar resultatforbetring. Etter fem år med store underskot kom me i fjor ut med eit solid resultat. Me greidde å dekka inn heile underskotet frå 2002. Dette lettar presset noko på årets budsjett. Ei svært gledeleg utvikling, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Balanse i skulesektoren
Dei vidaregåande skulane er den største sektoren i fylkeskommunen. Drifta av skulane og dei andre postane innanfor skuleverket viser tilnærma balanse mellom rekneskap og budsjett i 2004. Dette er ein viktig føresetnad for det gode rekneskapsresultatet.
Av fylkeskommunen sine samla driftsutgifter på 3 075 mill. kr i 2004,
utgjorde skulesektoren 1 836 mill. kr (60 %).
For dei andre sektorane i fylkeskommunen er det også i stor grad balanse mellom budsjett og rekneskap. Det viser at det har vore god økonomisk styring i 2004.
Skulefonda
Vidaregåande skular med driftsoverskot i 2004 får sett av overskotet på disposisjonsfond som kan nyttast av skulen i seinare år. Med samla underskot i fylkeskommunen dei siste åra, har det ikkje vore mogeleg å setja av overskotsmidlar til disposisjonsfond.
Det er gledeleg at fylkesøkonomien er i så god balanse at denne motiverande ordninga for skulane kan gjennomførast full ut att, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.
Stanley Hauge