Fråsegna, som var føreslegen av Sigmund Olsnes (Ap), vart samrøystes vedteken i kultur- og ressursutvalet sitt møte 1. februar. Fråsegna lyder:
«Kultur- og ressursutvalet i Hordaland fylkeskommune er kjent med at leiinga i Forsvaret har kutta all driftsstønad til Forsvarets Musikkorps i 2005. Av den grunn har korpsa måtta avlyst alle planlagde konsertar med unntak av einskildprosjekt finansiert av Norge 2005. Divisjonen i Bergen hadde sin siste konsert fredag 28. januar.
Kultur- og ressursutvalet er kjent med at eit samla norsk kulturliv (innafor profesjonell kulturformidling, scenekunst, høgare musikkutdanning og frivillig musikkliv) oppfordrar leiinga i Forsvaret til å sikra Forsvaret sine musikkorps levelege arbeidsvilkår framover.
Forsvaret sine musikkorps har ein fleire hundreårig tradisjon. I året for 100 årsfeiringa av Norge som sjølvstendig nasjon, tagnar musikken!
Forsvaret sine musikkorps formidlar konsertar til eit stort publikum over heile landet. Dei er samarbeidspartnar til store konsertproduksjonar, musikkteater og andre sceniske framføringer. Dei er og den største arbeidsmarknad for blåse- og slagverkstudentar innan høgre utdanning i musikk. Musikarane er viktige som lærarar, dirigentar og instruktørar i amatørmusikklivet og særleg for korpsrørsla.
Kultur- og ressursutvalet i Hordaland fylkeskommune stør oppfordringa frå kulturlivet. Landet treng Forsvarets Musikkorps og alt det dei representerer, også som bindelekk mellom forsvaret og sivilsamfunnet.»
Stanley Hauge