Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i Hordaland har teke initiativet til eit seminar om oljevernberedskap og tryggleik til sjøs. På seminaret som vert halde i Bergen fredag 1. april, skal Stortingsmeldinga «På den sikre siden – sjøsikkerhet og oljevernb

Risikovurderingar for 2015 i Stortingsmeldinga viser at tre av fem høgrisikoområde for miljøureining ligg langs Vestlandskysten.
Sjå kartet i større format
På seminaret vil fylkeskommunen og representantar for m.a. Bergen kommune, regionrådet i Nordhordland, Bergen og omland havnevesen og Statoil Mongstad leggja fram sine synspunkt på dagens risikobilete og kva tiltak som må setjast inn framover.
I stortingsmeldinga vert det sagt at enkelte område på Vestlandet skil seg ut med høgare miljørisiko enn kystområda generelt.
— Eg har merka meg at meldinga viser at det fram mot 2015 vil verta ein generell auke i miljørisikoen langs det meste av kysten på Vestlandet. Risikovurderingar for 2015 fortel at av dei fem kyststrekningane som vert rekna som høgrisikoområde, ligg tre på Vestlandet. Eitt av dei er området Øygarden-Fedje-Mongstad-Ytre Sogn, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg. — Det er såleis svært viktig for oss at det vert sett i verk tiltak som gjer denne risikoen lågast mogleg og at me får eit oljevern med plassering, utstyr og kapasitet til å reagera rakst når uhell skjer.
Stanley Hauge