Ber om tilbod på to snøggbåtopplegg

Hordaland fylkesutval har vedteke å be om tilbod for to alternative hovudopplegg for snøggbåtrutene i og frå Sunnhordland og til Bergen, dei såkalla alternativ to og tre. Av dei er alternativ to det mest omfattande og er baset på fire båtar. Alternativ tr


Vedtaket i fylkesutvalet vart gjort med ti (H, Frp, Krf, V, SP) mot fem (Ap, SV) røyster.

Opplegget er at anboda skal lyast ut omkring 1. april, med frist om lag 1. juni. Det vert rekna med at dei som vinn anboda vil treng vel eitt år på å førebu oppstart. Like eins er det ynskjeleg å samkøyra oppstart med innføring av nytt elektronisk billetteringssystem som skal vera operativt på seinsommaren 2006.

Alternativ 2: Ny rute Rosendal – Bergen/ Os og høgare frekvens Leirvik-Ranavik-Sunde
I dette alternativet er det og lagt opp til ein auke i frekvensen mellom Leirvik, Ranavik og Sunde medan dagens rute mellom Sunde, Herøysund og Os vert erstatta av ny rute frå Rosendal med busskorrespondanse frå Odda. Med auka ruteproduksjon i Sunnhordlandsbassenget og ny rute mellom Rosendal og Bergen /Os, er det ikkje rom for å oppretthalde dagens rutetilbod mellom Leirvik og Bergen i fullt mon. Ettermiddagsavgangen frå Bergen kl. 16:00 fell bort. Administrasjonen har førelagt saka for HSD Sjø og førespurt om Flaggruten sin avgang kl. 17:05 kan framskundast.

Alternativ 3: Ny rute Rosendal – Bergen/ Os og eitt fartøy mindre
I dette alternativet vert dagens rute mellom Sunde, Herøysund og Os erstatta av ny rute frå Rosendal med busskorrespondanse frå Odda, akkurat som i alternativ 2. Til skilnad frå alternativ 2 er det her lagt opp til å nytte eitt fartøy mindre i rutedrifta enn i dag. Det er i dette alternativet prioritert å oppretthalde talet på avgangar mellom Leirvik, Ranavik og Sunde på dagens nivå. Rutetilbodet i Sunnhordlandsbassenget elles vert derimot svekka, og det er m.a. ikkje rom for avgangar til Ølen og Utbjoa. Rutetilbodet mellom Leirvik og Bergen fell bort, men Rubbestadneset og Austevoll vil få morgon- og ettermiddags-tur til/frå Bergen. Reisande mellom Leirvik og Bergen må basere seg på Flaggruten eller buss. Administrasjonen har førelagt saka for HSD Sjø og førespurt om det er aktuelt å la Flaggruten liggje i Leirvik over natta for å ta morgontur til Bergen og kveldstur attende til Leirvik på kvelden.

Fleire alternativ for Rosendalsruta
Fylkesutvalet ber om at ruta mellom Rosendal og Bergen vert rekna på og prisa i følgjande alternativ:
– Rosendal – Bergen t/r
– Rosendal – Flesland – Bergen t/r
– Rosendal – Os t/r
– Rosendal – Os – Bergen t/r
– Rosendal – Os – Flesland - Bergen t/r

Hovudprinsipp for anboda
Fylkesutvalet legg til grunn fylgjande hovudprinsipp for anbodskonkurransen:
– Konkurranse om kvar einskild rute
– Tilbydarar som legg inn bod på to eller fleire ruter kan i tillegg legge inn kopla bod
– Tilbydarane kan justere ruteopplegga
– Totalanbod der operatør vil få ansvar for både fartøy og drift
– Nettoavtale der operatør vil få ansvar for både billettinntekter og produksjonskostnader
– 5 års avtale med opsjon på og prising av 2 års forlenga avtaleperiode
– Økonomisk mest fordelaktige tilbod
– Anbod med fart på fartøy både på 30 og 35 knop

Prøveperiode for Rosendalsrute
Fylkesutvalet ber om at ruta mellom Rosendal – Bergen vert vurdert innan mars/april 2005, for snarast mogleg å verta sett i verk som eit prøveprosjekt.

Forslag som fall
Areiderpartiet sette fram forslag om å vidareføra ordninga med kvalitetskontraktar. Forslaget fekk fem røyster (Ap, SV) og fall.

«1. Fylkesutvalet går inn for å vidareføre kvalitetskontraktar som avtaleform for snøggbåtrutene med utgangspunkt i dagens rutestruktur.
2. Fylkesutvalet ser det vidare som naudsynt å utvikla kontraktane med omsyn til oppgradering av båtmateriellet.
3. Fylkesutvalet ser at det i regionen, som konsekvens av m.a Halsnøysambandet, Austevollbrua, Folgefonnstunnelen, Jondalstunnelen, og utbetringar på E39, vil skje ei endring i reisemønsteret i dei næraste åra. Fylkesutvalet legg difor opp til jamleg gjennomgang og evaluering av rutestrukturen med sikte på kvalitativ betring og nye ruter.»

Stanley Hauge

18.02.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart