Etter forslag frå Torstein Dahle (RV) vedtok Hordaland fylkesting 14. desember ei fråsegn til Kultur- og kyrkjedepartementet der dei strekar under at det er viktig at det vert gjeve statlege midlar til drift pg vedlikehald av det nasjonale kulturminnet Ty
Ny oppmoding
Stortinget har i 2005 løyvd 2 mill. kr til sluttføring av restaureringa og til drift og vedlikehald av Tyssedal kraftanlegg. Fylkestinget vedtok i juni år ei fråsegn der dei bad om at staten følgde opp med årleg løyving til drift og vedlikehald. I statsbudsjettet for 2006 er det ikkje føreslege løyving. På bakgrunn av dette rettar fylkestinget på ny ei oppmoding til regjeringa om å løyva midlar i 2006.
Følgjer opp
Hordaland fylkeskommune skal gjera sitt beste for å sikra at drifta av Tyssedal kraftstasjon kan halda frami 2006 inntil statleg løyving til drift og vedlikehald er på plass, heiter det i fylkestinget sitt vedtak.
Fylkestinget ber om at fylkesutvalet følgjer opp denne saka i samarbeid med styret i Norsk vasskraft- og industristadmuseum (NVIM).