1000 italienarar Seks kokker, pluss rektor, deltok på den tre dagar lange festivalen. Dei hadde hektiske dagar på kjøkkenet og laga middag til meir enn 1000 italienarar, i tillegg til mange smaksprøver av norsk tradisjonsfisk. Imponert - Hadde eg visst at det vart så hektisk, så veit eg ikkje om eg hadde reist, smiler Tislevoll som er imponert over den store interessa det er i Italia for gode norske fiskeretter. Hovudutstillar Den norske delegasjonen var invitert som hovudutstillar og var tildelt ei eiga øy på 100 kvadratmeter midt i festivalområdet. Der var det restaurant med servering av 10 ulike norske tradisjonsrettar, basert på mellom anna tørrfisk, klippfisk, røykjesild og laks. Norsk mat på italiensk vis Jan Aksnes, ein av dei seks kokkene ved Fitjar vidaregåande skule, fortel at menyane var godt planlagde. - Vi dreiv restauranten på ferja Skånevik under Tørrfiskfestivalen i Bergen i sommar. |  Italiensk riksdekkande fjernsyn overførte frå kokinga av vikingsuppe. Kokker er Jan Aksnes og Astrid Riddervold i vikingkostyme.
 Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg skrella potetar for svoltne italienarar på restauranten i Genova.
|