Nyårsmøte 2006 – samråd mellom sentrale samfunnsaktørar

Hordaland fylkeskommunen arrangerer tysdag 3. januar «Nyårsmøte 2006» i Bergen. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg er vert for møtet som er eit samråd mellom sentrale aktørar innan politikk, nærings- og samfunnsliv, forsking og utdanning. Forsvarsminis

Hordaland 2006
er stikkordet og den raude tråden i programmet  på nyårsmøtet som vert halde på Radisson SAS Hotell Norge i Bergen. Programmet er tettpakka frå kl. 10.00 til kl. 16.00. Møteleiar er fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen.

Sett frå Hordaland
«Utfordringar for Hordaland i 2006 – som vi må jobba saman om» er tittelen på fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg sitt opningsføredrag.
 Regiondirektør Tom Knudsen i NHO Hordaland tek opp «Næringspolitiske utfordingar – sett frå Hordaland».

Sett frå Stortinget
Stortingsrepresentant Olav Akselsen kjem med synspunkt frå Hordalandsbenken i Stortinget· «Kva er dei viktigaste politiske oppgåvene for Hordaland som kjem på dagsorden i 2006?»

Marine næringar
«Kva skjer i marine næringar i året som kjem?» er tittelen på innlegget til adm. dir. Marit Solberg i Marine Harvest.

Forsvarsministeren
Forsvarsminister Anne- Grete Strøm-Erichsen  skal ta for seg temaet «Forsvaret – også viktig for regional utvikling».Ferjesamband er framleis viktige på Kyststamvegen E39. Her frå ferjekaien i Sandvikvåg. (Foto: Stanley Hauge.)

Samferdsel
«Blir det nokon gong nok vegar, bruer og tunnelar i Hordaland» er tittelen på satssekretær Steinulf Tungesvik i Samferdselsdepartementet sitt føredrag. Han skal fortelja om regjeringa sine ambisjonar for aktuelle samferdselssaker i Hordaland.

Buekorpsbevegelse?
«Innovasjon i vår region – buekorpsvegselse eller nye arbeidsplassar» har styreleiar Jan Einar Greve i Sarsia Innovasjon AS kalla sitt innlegg.

Ord til ettertanke….
Som avslutning på dagen vert det «Ord til ettertanke …» ved professor Victor Norman som skal snakka om «Verdiskaping – mykje meir enn dei fleste trur…»

Deltakarar
På deltakarlista står stortingsrepresentantane frå Hordaland,  medlemene i Hordaland fylkesutval,  leiarar ved utdannings- og forskingsinstitusjonar i Hordaland, statlege kontor i fylket, organisasjonar og større verksemder, og fylkesadministrasjonen.

Stanley Hauge 23.12.2005 09:40
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart