Britt Karen Spjeld er tilsett som ny fylkesidrettssjef og Per Morten Ekerhovd som ny fylkeskonservator i Hordaland fylkeskommune. Fylkeskonservator Ekerhovd tek til i stillinga 15. januar 2006, medan Britt Karen Spjeld byrjar som idrettssjef 1. februar 2
Fylkesidrettssjef Britt Karen Spjeld

Britt Karen Spjeld (f. 1970) er busett i Bergen.
Den nye idrettssjefen kjem til fylkeskommunen frå stillinga som rådgjevar i Norges Idrettsforbund og Olympiske komité (NIF), avd. Idrett og samfunn med internasjonalt utviklingsarbeid som hovudfelt. Ho har arbeidd i ulike stillingar i idrettsforbundet sidan 1996. Dei siste fire åra har ho hatt arbeidsstaden sin ved Hordaland idrettskrets.
Spjeld er utdanna ved Norges Idrettshøgskole, institutt for samfunnsfag, der ho har hovudfag i idrett med hovudoppgåva «Frå organisasjonstilpassing til idrettspolitisk snuoperasjon».
Spjeld har ein allsidig bakgrunn frå idretten både som utøvar, trenar og leiar. I perioden 2004-06 er ho styremedlem i Noregs basketballforbund.
Fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd
Per Morten Ekerhovd (f. 1967) er busett i Bergen.
Den nye fylkeskonservatoren kjem frå stillinga som prosjektleiar for Prosjekt Bryggen i Bergen, som er ei fylkeskommunal stilling. Han har vore tilsett i fylkeskommunen sidan 1999 då han byrja som sakshandsamar ved kultur- og idrettsavdelinga. Han vart prosjektleiar for Prosjekt Bryggen i 2002. I 2003-04 hadde han permisjon frå denne stillinga for å vera kulturminneansvarleg og arkitekt ved verdsarvstaden Ilha de Mocambique der dei lokale kunnskapane til å driva kulturminnevern skulle byggjast opp på alle nivå.
Ekerhovd er utdanna sivilarkitekt frå Noregs tekniske høyskole.