Nyttårsaftan, 31. desember 2005, stoppar innkrevjinga av bompengar over Nordhordlandsbrua, og det vert det gratis å køyra over flytebrua mellom Nordhordland og Bergen. Klokkeslett for når innkrevjing vert stoppa er ikkje fastsett, men det vert om ettermid
|
Nordhordlandsbrua vart opna 22. september 1994 og innkrevjinga av bompengar på brua starta 26. september 1994. Dermed har det teke vel elleve år å få inn nok pengar til å betala ned bompengelåna. Bompengeperioden var i avtalen med staten sett til 14 år. Nedbetalingstida er såleis nesten tre år kortare enn det som var føresett i avtalen.
Det siste avdraget på låna til brua vart betalt 30. november 2005. Men for å ha midlar til å betala tilbake for ubrukte klippekort, til fjerning av bompengebuene og til justering av køyrefelta på Flatøy, må innkrevjinga halda fram til årsskiftet.
Sidan brua vart opna har over 33 millionar køyretøy passert brua. Til utgangen av 2005 reknar ein med det vil vera teke inn 1 374 mill. kr i bompengar.
Som vanleg vert det gratis å køyra over brua i julehelga, frå julaftan frå kl. 18.00 til 1. juledag kl. 10.00.