Miljøkort med 40 % rabatt Nordhordland-Bergen

Hordaland fylkeskommune innfører 40% reduksjon i prisen på periodekort for reisande over Nordhordlandsbrua i ein prøveperiode frå 01.01.2006-31.05.2006. Dette rabattilbodet har fått namnet Miljøkortet. I prøveperioden vil kortet kunna kjøpast av alle som

 

Miljøkorett
Miljøkortet er eit spesiallaga periodekort for reiser mellom Nordhordland og Bergen.
Miljøkortet gjev 40 % rabatt på prisen på periodekort mellom Nordhordland og Bergen.  For å få kjøpa kortet må ein dokumentera at ein har bustadadresse i Nordhordland eller er pendlar sørom brua frå med arbeidsstad i Nordhordland. Ved kjøp av kort må dette dokumenterast med attest frå folkeregisteret (dei som bur i Nordhordland og arbeider på sørsida) eller frå arbeidsgjevaren (for dei som pendlar over brua frå sørsida).

Nytt kort
Alle reisande mellom Nordhordland og Bergen som i dag har periodekort, må skaffa seg det nye Miljøkortet til fornyinga av periodekortet etter 1. januar 2006. Og fylkeskommunen vonar i tillegg at mange nye brukarar vil skaffa seg kortet og reisa kollektivt.

Miljøkortet kan kjøpast på alle ordinære utsalsstader for periodekort,  som HSD sine kontor og i Bergen storsenter. Hugs å ta med foto og attest for bustad- eller arbeidsstad. Når ein har skaffa seg kortet,  kan ein som vanleg fornya det på bussane.

Meir informasjon, sjå HSD.no

og  annonse

Stanley Hauge 30.12.2005 10:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart