Kunstsenteret i Øystese, som er etablert i samband med at Hardanger er Tusenårsstaden i Hordaland, får namnet Kabuso, har Hordaland fylkesutval vedteke med 14 mot ei røyst (Lothe, SV).
Namn med kraft i
I saksutgreiinga heiter det: «Det har føregått ein prosess for å finna eit eige namn på kunst- og kultursenteret i Øystese, til no kalla Tusenårsstaden. Me har leita etter eit namn som skal ha ei kraft i seg sjølv, og som ikkje plasserer seg inn i rekkja av tradisjonelle kulturhusnamn. Eit namn som er forankra i Hardanger, men som ikkje vil bli oppfatta som tydeleg lokalt.
Internasjonalt
Eit namn som samstundes har internasjonal forankring. Eit lokkande namn som ikkje umiddelbart gjev klare assosiasjonar, som kunstsenteret sjølv skal fylla med innhald og meining i samsvar med dei visjonane Hordaland fylkeskommune har formulert. Resultatet av dette arbeidet er blitt at me går inn for at kunst- og kulturhuset skal heita Kabuso.»
Fjellnamn og damehue
Namnet er konkret henta frå fjellformasjonen Kabuso, som ligg oppunder Torefjell bak Øystese. Fjellet har fått namnet sitt frå det gamle ordet for ei spesiell damehue (ei slags hette): ei kabuse. Namnet er såleis godt lokalt forankra. Likevel har namnet stor internasjonal utbreiing. Det er brukt i dansk (kabuds), svensk (karpus), tysk (Kapuze), hollandsk (kapoets), fransk (capuse) og italiensk (capuccio). Grunnordet er det latinske caput; hode, som vi og kjenner att i munkeordenen capucium, (kapucinermunk), og kalla hettemunkar. Sjølv om namnet er trygt planta i kulturhistoria, nasjonalt og internasjonalt, har det noko vitalt og kanskje eksotisk over seg, heiter det i saksutgreiinga.