Onsdag 7. desember klokka 19.00 var det julekonsert i Mårdalen på Skjold, framfor juletreet som vart redda av dei som bur i burettslaget. Den flotte edelgrana var utplukka til å lyse opp Edinburgh i adventstida, men fleire av bebuarane protesterte. Dermed

Framfor den redda grana i Mårdalen bles Espen Selvik i luren og mannskoret Brage song. Den skotske familien som skulle delta i hogginga av treet, Katie Victoria Stoneman (11), mor Isabel Ann og storebror Steven Frederick (14) er for lengst tilbake i Edinburgh. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
Heftige protestar
Dette vart ein heilt spesiell julekonsert. Måndag morgon 7. november troppa nemleg utsendingar frå Hordaland fylkeskommune opp i Mårdalen for å hogge treet som styret i burettslaget hadde gjeve frå seg for å bli det 20. juletreet som vennskapsgåve frå Hordaland til Edinburgh. Men ikkje alle i burettslaget var samd i at det flotte treet skulle hoggast, og desse protesterte heftig.
Plaster på såret
Etter litt om og men avgjorde fylkeskommunen at treet skulle få stå, og eit anna vart i staden hogga på Lysekloster. Som plaster på såret for alt oppstusset lovde Espen Selvik i Hordaland fylkeskommune å halde ein heilt spesiell julekonsert for dei som bur i burettslaget. Og den fann stad 7. desember.
Tablå om ”Julekveld i skogen”
På julekonserten stilte Espen Selvik med lur i spissen for mannskoret Brage som han er dirigent for. Koret stilte opp framfor julegrana. Sjølvsagt bles Selvik i luren, i tillegg til at koret framførte julesongar. Eit lite tablå vart og framført under ”Julekveld i skogen”. Teksten av Astow Ericson, med melodi av Otto Nielsen, vart framført, mens ”eldstesonen” som reiste til Amerika i sine unge år, kom heim med julegåver til sine gamle foreldre.
Så vart det jul i Mårdalen i år også. Og i Edinburgh lyser treet frå Lysekloster.