Italia likte torsken som lo og skreik

Italienarane likte torsken som lo, dansa, skreik og kyssa. Bergenskunstnaren Torild Inger Børretzen deltok i Hordalandsdelegasjonen på den store internasjonale fiskefestivalen i Genova, og utstillinga hennar av måleri av tørrfisk var ein stor suksess.

God stemning då utstillinga av bergenske tørrfiskbilete vart opna i Genova: Visepresidenten i Slow Food, Silvio Barbero (f.v.), bergenskunstnaren Torild Inger Børretzen og fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
God stemning då utstillinga av bergenske tørrfiskbilete vart opna i Genova: Visepresidenten i Slow Food, Silvio Barbero (f.v.), bergenskunstnaren Torild Inger Børretzen og fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. (foto: Bjarte Brask Eriksen)

 Folk frå heile verda
- Eg tenkte ikkje på at italienarane er heilt galne etter fisk. Det er kjekt å vere her og knytte kontaktar. Her har det kome folk frå hele verden. Det er ei utfordring å stille ut på ein fiskefestival fordi publikum er interessert i fisk. Men mange av dei er også interessert i kunst, seier Børretzen.

Oppglødd
Utstillinga av måleria vart opna av visepresidenten i den internasjonale Slow Food-bevegelsen, Silvio Barbero. Han er svært oppglødd over bileta og uttrykte glede over dei flotte måleria under den offisielle opninga.
I utgangspunktet tenkte Børretzen berre å stille ut nokre få bilete, men då representantar for Slow Food i Italia fekk sjå bileta, ville dei ha ei heil utstilling.

Svært velkommen
- Eg kjenner meg svært velkommen her. Slow Food har hjelpt meg svært mykje med det praktiske. Å stille ut på ein så flott arena er som å få ei gåve opp i handa. Eg har fått mange positive tilbakemeldingar. Mange skryt og likar det dei ser. Måleria er ekspresjonistiske. Eg brukar linjer og fargar. Nokre synest bileta er morosame, men eg blir ikkje fornærma om nokon ler.

Fleire saker frå Italia:

Hordaland knyter viktig politisk kontakt med Italia

Stor suksess for Fitjar-kokkene i Italia

Første norske fisk har fått verdsarv-status

Bjarte Brask Eriksen 30.12.2005 08:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart