Hordaland knyter viktig politisk kontakt med Italia

- Heilt fantastisk, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg om den store internasjonale fiskefestivalen som gjekk av stabelen i Genova i november. Der knytta Hordaland viktig politisk kontakt med Italia og drøfta både eksport av fisk og vidare utvikli

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg møtte presidenten i regionen Liguria, Claudio Burlando (t.h.) og presidenten i Handelskammeret i Genova/Liguria, Paolo Odone (t.v.) for å utvikle godt samarbeid mellom Noreg og Italia. 
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg møtte presidenten i regionen Liguria, Claudio Burlando (t.h.) og presidenten i Handelskammeret i Genova/Liguria, Paolo Odone (t.v.) for å utvikle godt samarbeid mellom Noreg og Italia. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)

Kjøkken og servering
På fiskefestivalen deltok fleire hundre småskalaprodusentar frå heile verda. Hordaland var invitert som hovudutstiller og deltok med ein stor delegasjon med fylkesordføraren i spissen.
Hordaland, med prosjektet Norsk Tradisjonsfisk, var tildelt ei eiga øy på 100 kvadratmeter midt i utstillingsområdet, med kjøkken og servering av 10 ulike fiskerettar. 10 kokker, mellom anna frå dei to vidaregåande skulane i Fitjar og Hærøy, hadde det travelt og serverte middag til meir enn 1000 personar over tre dagar. Det var eit yrande liv og står pågang heile tida.

Kontakt på topp politisk nivå
I tillegg til å presentere norske tradisjonelle fiskeprodukt i Italia, knytta Hordaland kontakt på topp politisk nivå mellom fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og presidenten i regionen Liguria, Claudio Burlando. Dette var første gang leiarane for dei to regionane møttest for å diskutere nærmare samarbeid.
President Claudio Burlando seier at han er imponert over den norske utstillinga og ønskjer at det skal bli eit godt samarbeid mellom Liguria og Hordaland. Etter det første møtet inviterte president Burlando fylkesordføraren i Hordaland på middag om kvelden der samtalane heldt fram.

Kokkene Jan  Aksnes og Astri Riddervold (utkledde som vikingar) serverte vikingpizza til fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, president i den internasjonale Slow Food-rørsla, Carlo Petrini og Rolf P. Almklov ved Innovasjon Norge i Milano (t.h.).
Kokkene Jan  Aksnes og Astri Riddervold (utkledde som vikingar) serverte vikingpizza til fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, president i den internasjonale Slow Food-rørsla, Carlo Petrini og Rolf P. Almklov ved Innovasjon Norge i Milano (t.h.). 

Imponert president i Slow Food
I tillegg møtte fylkesordføraren presidenten i Handelskammeret i Genova og Liguria, Paolo Odone og generalsekretær Romano Merlo, turistsjef Antonio Orenga i Liguria, og grunnleggaren og president i den internasjonale Slow Food-rørsla, Carlo Petrini.
- Eg er imponert over at Hordaland deltar med leiarar på topp politisk nivå. Det betyr at Hordaland ser på dette som svært viktig, seier Carlo Petrini. Han fekk overrekt den engelske utgåva av praktboken ”Vilt, vakkert Vestland”, bladde i den og utbraut ”wonderful”.

Invitasjon
Fylkesordføraren inviterte Petrini til Vestlandet og Slow Food-presidenten tok ikkje lang tid på å svare.
- Eg har bestemt meg for å kome til Vestlandet i mai neste år. Dette blir min aller første tur til Noreg. Eg gler meg til å kome og sjå den flotte naturen. Mellom anna skal eg vitje bedrifter som produserer fisk, seier  presidenten i Slow Food.

Nærmare samarbeid
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg har tatt mange inntrykk med seg heim og ser for seg at det kan bli nærmare samarbeid mellom Hordaland og middelhavsbyen Genova og regionen Liguria.
- Vi ønskjer å vidareutvikle eksport av fisk.

Turistsjefen i Genova/Liguria, Antonio Orenga, var ein av mange fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg knytte venskapsband med.
Turistsjefen i Genova/Liguria, Antonio Orenga, var ein av mange fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg knytte venskapsband med.

Prosjektleiar i Norsk Tradisjonsfisk, Terje Inderhaug, overrekker boka ”Vilt, vakkert Vestland” til presidenten i Slow Food, Carlo Petrini, som for første gong skal til Noreg i mai 2006.
Prosjektleiar i Norsk Tradisjonsfisk, Terje Inderhaug, overrekker boka ”Vilt, vakkert Vestland” til presidenten i Slow Food, Carlo Petrini, som for første gong skal til Noreg i mai 2006.

Presidenten i Slow Food, Carlo Petrini, takkar fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg for invitasjonen til Noreg.
Presidenten i Slow Food, Carlo Petrini, takkar fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg for invitasjonen til Noreg.

Det er heilt utruleg at det kjem så mange menneske på ein festival for fisk. Fiskeretter har ei sterk stilling i Italia. Det har mellom anna den katolske kyrkja bidratt til. Fredag er nemleg ein dag det ikkje skal etast kjøtt, og norsk tørrfisk, i ein eller annen form, står ofte på italienske middagsbord kvar fredag. Italienarane har over 1000 ulike oppskrifter på tørrfisk.
Noreg eksporterer fisk for rundt ein milliard kroner i året til Italia, av dette utgjer om lag halvparten av verdien tørrfisk.

Auka turisme
I tillegg til auka eksport av fisk, ønskjer fylkesordføraren auka turisme, både italienarar til Noreg og nordmenn til Italia. Bergen Reiselivslag og Hurtigruten var med og promoterte kyst-Noreg som reiselivsmål. Årleg kjem det rundt 40.000 italienarar til Bergen og Vestlandet. I tillegg reiser om lag 20.000 italienarar kvart år via turistskip til Bergen hamn.

Fleire saker frå i Italia:

Stor suksess for Fitjar-kokkene i Italia

Italia likte torsken som lo og skreik

Første norske fisk har fått verdsarv-status 

Bjarte Brask Eriksen 30.12.2005 08:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart