Fylkestinget meiner det har mykje å seia at fylka på Vestlandet tar svært aktivt del i den diskusjonen som er varsla frå regjeringa om moglege nye regionar. Dette gjeld både i forhold til geografiske spørsmål og oppgåver.
Fylkestinget ser at det ikkje no er mogleg å koma fram til eit felles standpunkt på Vestlandet om geografisk utstrekning av ein ny region, men vil likevel gjennom Vestlandsrådet søkja å få eit så sameint standpunkt som mogleg blant vestlandsfylka basert på den Stortingsmeldinga som er varsla.
Fram til Stortingsmeldinga vil fylkestinget gjennom Vestlandsrådet og KS søkja å koma med ei omforeint tilråding om kva konkrete oppgåver, ansvar og midlar som bør delegerast frå stat til regionalt nivå.
Hordaland er i ein slik prosess innstilt på å inngå som ein del av ein større Vestlandsregion, heiter det i Hordaland fylkesting sitt vedtak.
Vedtaket:
Dette fellesforslag, sett fram av Tom-Christer Nilsen (H) på vegner av H, KrF, Pensjonistp., A, SV, V, Sp, er vedteke av fylkestinget.
«1. Fylkestinget tek utgreiinga «Vestlandsregion eller vidare samarbeid» til orientering. Høyringsrunden gjev i hovudsak tilslutning til eit folkevalt regionalt nivå, og eit tett samarbeid på Vestlandet. Fråsegnene frå Hordaland er positive til ny vestlandsregion, i dei andre fylka er det ikkje like stor oppslutning.
Fylkestinget meiner det har mykje å seia at fylka på Vestlandet tar svært aktivt del i den diskusjonen som er varsla frå regjeringa om moglege nye regionar. Dette gjeld både i forhold til geografiske spørsmål og oppgåver.
Fylkestinget ser at det ikkje no er mogleg å koma fram til eit felles standpunkt på Vestlandet om geografisk utstrekning av ein ny region, men vil likevel gjennom Vestlandsrådet søkja å få eit så sameint standpunkt som mogleg blant vestlandsfylka basert på den Stortingsmeldinga som er varsla.
Fram til Stortingsmeldinga vil fylkestinget gjennom Vestlandsrådet og KS søkja å koma med ei omforeint tilråding om kva konkrete oppgåver, ansvar og midlar som bør delegerast frå stat til regionalt nivå.
Hordaland er i ein slik prosess innstilt på å inngå som ein del av ein større Vestlandsregion.
2. Fylkestinget vil arbeide vidare med sikte på å få etablert ein ny Vestlandsregion seinast innan 1.1.2010.
3. Den nye regionen må baserast på omfattande desentralisering av oppgåver og mynde frå statlege styresmakter på sentralt og regionalt nivå.
4. Fylkestinget vil ut frå dette arbeide aktivt ovanfor sentrale styresmakter sitt arbeid med utforming og gjennomføring av regionreforma. »
Vedtak er gjort med 41 (10 H, 5 KrF, 13 Ap, 2 V, 4 Sp, 6 SV, 1 Pensj.) mot 16 (13 Frp, 1 H, 2 RV) røyster. Dei to første avsnitta i punkt 1 gjekk også RV inn for, slik røystetala for desse avsnitta er 43 mot 14.
Fremskrittspartiet
Terje Søviknes føreslo på vegner av Fremskrittspartiet slikt forslag:
«1. Fylkestinget mener at et nært samrbeid på Vestlandet også vil være nødvendig i fremtiden. Hvilken form for samarbeid vil fylkestinget komme tilbake til når stortingsmeldingen om oppgaver kommer i 2006.
2. Fylkestinget har merket seg at Vestlandsrådet ikke har lykkes i den offensive rollen vedrørende dette arbeidet som tiltenkt. Hordaland fylkesting ber om at arbeidet vedrørende en ny region blir å komme tilbake til etter stortingsmeldingen er fremlagt.»
Forslaget fekk 16 røyster (Frp, RV og 1 H) og fall.