Prosjektet "Ruteutviklingsforum/fond for Bergen Lufthavn Flesland" er eit samarbeid med Bergen kommune, Avinor, Innovasjon Norge og Bergen Reiselivslag. Hordaland fylkeskommune går inn med det største bidraget for å legge til rette for meir innkomande tur
Tilskotet på kr. 250.000,- til eit forprosjekt er eit ledd i reiselivssatsinga for å vidareutvikle samspelet mellom Bergen og opplevingsmuligheter frå kyst, til fjord og fjell til fordel for reiselivsaktørar i heile fylket.
Forprosjektet skal utgreie og avklare:
- Potensial knytt til auka punkt-til-punkt trafikk med lågprisselskap over Flesland
- Rammetilhøve for etablering av eit ruteutviklingsforum
- Rammetilhøve for etablering av eit ruteutviklingsfond, herunder legale aspekt knytt til nasjonale og internasjonale lover og forskrifter (særskilt med omsyn til konkurransevriding)
- Skissere ein driftsmodell for eit ruteutviklingsforum og evt. ruteutviklingsfond.
Forprosjektet vil ha to leveransar:
- Ein arbeidsplan for ruteutviklingsforum og evt. ruteutviklingsfond
- Eit velfundert beslutningsgrunnlag for videreutvikling av forumet og evt. etablering av fondet.
Bergen Næringsråd vil stå for administreringa av prosjektet og bruke ein norsk og ein engelsk konsulent til å gjere arbeidet. Prosjektansvaret skal ligge hos leiar av Ruteutviklingsforum som no er stifta.
Finansiering av forprosjekt:
Bergen kommune kr 150.000,-
Avinor kr 100.000,-
Innovasjon Norge kr 50.000,-
Bergen Reiselivslag kr 50.000,-
Hordaland fylkeskommune, Regionalt utviklingsprogram 2005 kr 250.000,-
SUM kr 600.000,-