Vedtaket vart gjort med 49 røyster (A, RV, V, P, Frp, H, KrF, Sp) mot 5 røyster (SV).
500 mill. kr står på spel
«Ut frå potensialet for småskala vasskraft kan utestenging av kraftverk mellom 1MW og 10MW frå dei grøne sertifikata representere eit verdiskapingstap på opp mot 500 millionar kroner berre i Hordaland fylke. Når samstundes det største potensialet for utbygging ligg i dei kommunane som har det veikaste næringsgrunnlaget, er fylkestinget svært uroa over kva verknader dette kan få for næringsutvikling i distrikta,» heiter det i fråsegna.
Fråsegna
Forslaget til fråsegn vart sett fram av fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen (H).
Fråsenga lyder:
«Fylkestinget i Hordaland meiner det er viktig at sentrale styresmakter snarast råd set i verk eit system med pliktig grøn sertifikatmarknad for å stimulere til auka produksjon av fornybar energi. Landet har store unytta energiresursar, der småskala grøn vasskraft med dei rette rammevilkåra kan gje eit monarleg tilskot til energiproduksjonen. Lokalt vil også bygging av småskala vasskraft skape verdiar for grunneigarane, og slik vere med å sikre busettinga i distrikta.
Om kraftverk mellom 1MW og 10 MW ikkje vert del av ordninga vil dette føre til eit stort verdiskapingstap. Dei som alt har investert i anlegg under lovnadene om at dei grøne sertifikata vil kome vil få lågare inntekter enn forventa, medan mange med ressursar som er aktuelle å byggje ut ikkje vil finne lønsemd i prosjektet og late det vere. Ut frå potensialet for småskala vasskraft kan utestenging av kraftverk mellom 1MW og 10MW frå dei grøne sertifikata representere eit verdiskapingstap på opp mot 500 millionar kroner berre i Hordaland fylke. Når samstundes det største potensialet for utbygging ligg i dei kommunane som har det veikaste næringsgrunnlaget, er fylkestinget svært uroa over kva verknader dette kan få for næringsutvikling i distrikta.
Fylkestinget meiner Stortinget må syte for at ordninga med grøne sertifikat må omfatte mikro-, mini- og småkraftverk inntil 10 MW både for å få realisert mest mogeleg småskala grøn vasskraft og for å skape best mogeleg grunnlag for lokal verdiskaping.»