Holbergprisvinnarar møtte fylkesordføraren

VK2 media og kommunikasjon ved Vennesla videregående skole vart årets vinnar av Holbergprisen i skulen. Dagen før prisutdelinga (29. november) var klassen på gjesting hjå Hordaland fylkeskommune, der fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg tok imot dei i F

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg orienterte Vennesla-elevane om Hordaland fylkeskommune og aktuelle saker i fylket.

Etter at fylkesordføraren hadde gjeve ei orientering om fylkeskommunen og Hordaland fylke, fortalde Vennesla elevane om prosjektet som sikra dei prisen.

Dialekt og identitet
Elevane har kalla prosjektet, som gjeld dialekt og identitet i Vennesla, «Mysteriet om Vennesladialekten. Det spesielle med Vennesla samanlikna med mange andre bynære område, er at folk held på dialekten sin trass i den korte avstanden og sterke påverknaden frå Kristiansand.

Omfattande prosjekt
I tillegg til intervju med språkforskarar har elevane intervjua 46 ungdommar i alderen 16-19 år om deira bruk av og haldning til eigen dialekt. Elevane i klasse 3 MKA har valt eit spennande fenomen å forska på. Heile forskingsprosessen er presentert på ein svært vellykka måte som dokumentarfilm med thrillerelement. I sanning eit bidrag i Holbergs and!, heiter det i juryen si grunngjeving for tildelinga.

Rapport og film
Prosjektet til elevane vitnar om stor forskingsglede og ikkje minst ei flott evne til å formidla oppdagingane dei har gjort, heiter det i juryen si grunngjeving.
 Funna har dei presentert både i ein rapport og ein videofilm.

Utdeling på Bergen katedralskole
Dei 13 elevane frå Vennesla videregående skole fekk prisen tildelt ut av årets Holbergprisvinnar professor Jürgen Habermas og kunnskapsminister Øystein Djupedal på Bergen katedralskole onsdag den 30. november kl 11.00.

Pristildelinga

Tekst og foto: Stanley Hauge 07.12.2005 13:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart