Heider for lang og tru teneste

Anny Vestli ved Askøy vidaregåande skule er heidra med Norges Vel-medalje for lang og tru teneste. Rektor Lillian Østensen overrekte medaljen på juleavslutninga for alle tilsette ved skulen 21. desember.

Rektor Lillian Østensen (t.h.)overrekker medaljen til Anny Vestli.
Rektor Lillian Østensen (t.h.)overrekker medaljen til Anny Vestli.

Vestli vart tilsett på Askøy vidaregåande skule i mai 1975. Den gongen heldt skulen til i leigde lokale i Bakarvågen.  I 1979 stod noverande Askøy vidaregåande skule ferdig.  Vestli har i 30 år vore  sekretær I på kontoret.

Ho har vore ansiktet til skulen utad, teke i mot både telefonførespurnader og personlege førespurnader, i tillegg til alt anna førefallande arbeid på kontoret.  I talen understreka rektor at Vestli alltid har vore hjelpsam og hyggjeleg med alle som vende seg til kontoret på skulen,  ja, det var varemerket hennar. Ingen på skulen har nokon gong sett ho anna enn høfleg og blid. 

29.12.2005 13:09
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart