
Utviklingsstipend på 25.000 kroner gjekk til idrettsutøvarane: Øivind Hordvik, volleyball, (f.v.), Anja E. Jordalen, vektløft, Thale G. Løvaas, kampsport og Marthe Reinkind, handball. (foto: Stanley Hauge)
Utdelinga vart gjort av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg på fylkestinget 14. desember.
Utviklingsstipenda
Fylkeskommunen sine utviklingsstipend innan idrett kan tildelast einskildutøvarar og trenarar. Ein person kan berre få slikt stipend ein gong.
Målet med stipenda er å gje mottakarane stimulans og høve til vidareutvikling i si idrettsgrein. Ved tildelinga av stipend vert det lagt vekt på: idrettsprestasjonar, potensial og planar for vidare satsing innan idretten.
Tildelinga skjer etter innstilling frå Hordaland idrettskrets. Vedtak om kven som skal tildelast stipend, vert gjort av kultur- og ressursutvalet.
Frå idrettskrinsen låg det i år føre framlegg på 22 kandidatar frå 13 særidrettsgreiner.
Utøvarane
Kort om dei einskilde utøvarane som er heidra:
Øivind Hordvik - f. 02.06.85 - Nyborg - Volleyball – Bergen
Spelar fast på Nyborg VBK sitt elitelag i volleyball. Laget vart seriemeister 2004/2005 og kom til cupfinalen. Øivind er truleg den beste senterspelaren i norsk volleyball for tida og har ambisjonar om proffkarriere.
Anja E. Jordalen - f. 07.12.87 - Atletklub Bjørgvin - Vektløft – Bergen
Anja har teke 11 norske meisterskap på rad over ein 4 års periode (3 ungdom,2 junior,3 senior,3 i 5-kamp individuelt og 3 NM lag 5-kamp). Ho har sett 99 norske rekordar sidan 2002 og 4 nordiske rekordar for ungdom. Nordisk meister for junior 2005. 9. plass i EM for junior. Ho er utteken i Norges Vektløfterforbunds satsingsgruppe. Hovudmålet er OL 2008.
Thale G. Løvaas - f. 23.05.89 - Keum Gang Taekwondo - Kampsport – Bergen
2004 vart Thale nordisk juniormeister. Ho har vunne dei fleste meisterskap i klassen sin i Noreg. Wonderful Copenhagen har ho vunne 3 år på rad, 1. plass i Scandinavian Open i år, 5.plass senior-EM i ein vektklasse over den ho vanlegvis konkurrerer i. Satsar mot OL 2008.
Marthe Reinkind - f. 27.04.88 - IL Bjørnar - Håndball – Bergen
Ho debuterte i 2004-05 i eliteserien for Bjørnar med 49 mål på 20 kamper. Kaptein for ungdomslandslaget (sølv Ungdoms-OL 2005). 57 mål på 11 kamper i 2005/2006 så langt.