Det første norske fiskeproduktet har fått verdsarv-status og er blitt godkjent av den internasjonale Slow Food-rørsla. Det er røykjesilda som Njardar AS lagar. På den store, internasjonale fiskefestivalen i Genova vart 350 kilo røykjesild seld.
- Italia er ein svært viktig marknad for oss. Vi selde alt vi hadde med oss på dei tre dagane vi var her, seier Jan Nærøy i Njardar AS som var ein av mange i Hordalandsdelegasjonen i Italia. Røykjesild og kvit geitost - Italienarane brukar ikkje så mykje røykjesild til middag. Dei et han helst til lunsj, som pålegg, med oliven og sitron. Marknaden vår i Italia har stagnert, men eg håpar det blir meir blest om oss no som vi er godkjent av Slow Food. Vi er svært godt nøgde med festivalen her, seier Nærø. Røykjesilda til Njardar, saman med den kvite geitosten frå Undredal,
|  Jan Nærø i Njardar AS og røykjesilda hans fekk mykje blest på den vellukka fiskefestivalen i Genova, og heile produksjonen vart seld. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
|
er dei to første matprodukta i Noreg som er godkjent av Slow Food og har fått verdsarv-status. I køen for godkjenning står mellom anna tørrfisk og klippfisk.
Møte med Handelskammeret
Under opphaldet i Italia møtte Jan Nærø representantar for Handelskammeret.
- Eg trur at Handelskammeret og den itailensk-norske samarbeidsforeningen kan gjere ein god jobb for oss. Dessutan er vi svært glade for at presidenten og grunnleggaren av Slow Food, Carlo Petrini, kjem på vitjing til oss i mai neste år. Vi jobba i eitt år for å bli godkjent av Slow Food og har høyrt at dét kan ta inntil fem år, seier Jan Nærø.
Fleire saker frå Italia:
Hordaland knyter viktig politisk kontakt med Italia
Stor suksess for Fitjar-kokkene i Italia
Italia likte torsken som lo og skreik
Bjarte Brask Eriksen 30.12.2005 08:00