Den konsoliderte museumseinigna Vestlandsmuseet er oppløyst og dei fire musea som utgjorde eininga, må i løpet av 2006 finna seg nye konsolideringspartnarar.
Frist ut 2006
Hordaland fylkesting meiner Osterøy museum, Havråtunet og Voss folkemuseum er ei for lita eining til å utgjera eit konsolidert museum. Desse tre musea må innan utgangen av 2006 finn sin plass i eitt av dei konsoliderte musea.
Fylkestinget vedtok dette med 42 røyster (A, KrF, H, Frp, Pensj.)
Mindretalsforslag
Mindretalet på 12 (5 SV, 2 RV, 2 V, 3 SP) støtta eit forslag frå Magnar Lussand om at Osterøy museum, Havråtunet og Voss folkemuseum skal få konsolidera seg som ei eining med namnet Bygdemuseet. Dette skulle vera ei prøveordning for to år.
Hordamuseet
Fylkestinget vedtok samrøystes at også Hordamuseet innan år 2006 må finna sin plass innanfor ei konsolidert museumseining.